lørdag 23. september 2023

Medlemstilbod: Bikefolder

Vyrde medlemmer,

Gjennom Norges Cykleforbund har me fått eit medlemstilbod. BikeFolder er eit norsk selskap som har utvikla ei teneste som kan sikra verdien på sykkelen samt gje ein verdiauke. Her

onsdag 20. september 2023

NC terreng Halden: Yvonne nr. 5!

I helga som var vart siste helga for Noregskøppritt terreng arrangert i Halden. Etter mykje uhell før i år fekk endeleg Yvonne Berge Børsheim vist litt av kva ho kan på ein terrengsykkel med ein veldig sterk femteplass på kortbanerittet sundagen. På lånt sykkel fekk ho ein ok start trass i at ho

onsdag 13. september 2023

NM Terreng Maraton: Kjetil sykla sterkt

Sist helg vart NM terreng maraton arrangert. For Vossevangen CK stilte Kjetil Kiledal Isaksen. Trass i lite rittrening siste åra og eit kjede som datt av tre gonger, sykla Kjetil som vanleg sterkt inn til ein femteplass i M40-40. Og ikkje overraskande sykla han fort nedover og var raskaste master-syklist på den innlagde Strava-tevlinga. Les rittrapporten hans under og sjå resultatlister her!

mandag 11. september 2023

Rogaland 3-etappars: Ola nr. 3!

Pallen på tempoen
I helga arrangerte Stavanger SK og Sandnes SK Rogaland 3-etappers som sesongavslutting på den nasjonale Joker-serien for ungdomsritt. Ola Blikberg Herheim stilte for Vossevangen CK i M15-16. Den klassen sykla fyrst 10 km temporitt og så 30 min gateritt laurdagen og fellesstart på 80 km sundagen. Ola slo til med ein krutsterk tempo. Tempoen var nokså flat med kjeglevending halvvegs. Han heldt godt fylgje halvvegs, men attende var det litt meir stigning og då var han klart raskast og sykla

torsdag 7. september 2023

NC terreng: Johan med 5. plass!

Fyrste helga i september var det NC terreng med Oslo terrengsykkelfestival. Ritta vart arrangert av Frøy Sykkel på Skullerud. Johan Berge Børsheim sykla inn til si beste plassering nokon sinne med ein svært sterk femteplass på kortbanerittet sundagen. Prestasjonen vart ekstra sterk fordi han fekk ein dårleg start, samt at mange av dei beste svenskane var med og gjorde M15-16 til den største klassen med over 50 påmeldte deltakarar. På rundbanerittet laurdag låg Johan også godt an,