Trykk på les meir for å sjå komplett resultatlista.
søndag 15. desember 2013
Framifrå tunellmeisterskap i dag!
Trykk på les meir for å sjå komplett resultatlista.
fredag 13. desember 2013
Tunellsykkelritt sundag 15.12!

Traseen vert, som tittelen seier, gjennom fjellet frå Svartenakken til Ringheim, tur-retur, 2468 meter gange 2! Det vert individuell start. Oppmøte seinast 15:15 ved tunellmunningen på Svartenakken! Det er open dag for gåande fram til kl. 15, så det er ikkje lov med noko tjuvtrening i traseen før kl. 15 :)
onsdag 6. november 2013
Gratis symjekurs for Vossevangen CK sine medlemmar!
Bur det ein triatlet i deg? No har du
sjansen til å finstilla krålteknikken! Silje Rafaelsen er instruktør. Torsdag
21.11 kl. 20:00–21:00 på Hagahaugen. ”Fyrstemann til mølla”, påmelding til
Roger Eide, epost: rogereide@hotmail.com eller melding til Roger på Facebook. Finn fram symjebriller og
speedo!
torsdag 17. oktober 2013
søndag 29. september 2013
Klubbmeisterskap og årsfest vel i havn
I går gjekk Vossevangen CK sin klubbmeisterskap av stabelen. Dag og Anton styrde arrangementet med stø hand, og traseen
tirsdag 24. september 2013
lørdag 21. september 2013
Skarverittet
torsdag 19. september 2013
fredag 13. september 2013
Viktig informasjon
Trykk les meir for å få informasjon om lagsmeisterskapen, årsfesten, fellestreningar haust/vinter 2013-14, treningsleir på Mallorca våren 2014 samt om stønadsvedtekter.
lørdag 7. september 2013
Continentalcup Bømoen/Voss 7.9.2013
tirsdag 3. september 2013
Terrengsykkelritt i Bømoen 7. september

Klikk på bilete til høgre for å sjå funksjonærlista.
Birken 2013

Vossevangen CK hadde òg to med i Eliteklassen: Vidar Mehl og Nikolai Hanevik. Vidar kjempa om ein 6. plass på
søndag 25. august 2013
Vidar vann Raufosskogen MTB i dag
Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, viste i dag at Birken-formen er rett rundt hjørne. Han vann dagens Raufosskogen MTB, og det med fleire sterke namn bak seg på resultatlista. Både fjorårets Birkenvinnar Lars Ragnar Manengen og Jan Olav Beitmyren laut sjå bakhjulet til Vidar siga i frå seg ... Sjå resultat på våre resultatsider.
lørdag 24. august 2013
Voss-Geilo, vakkert men knallhardt

søndag 18. august 2013
Nikolai vann Sykkel Rett Vest i dag!

"Var i dag med på Rett Vest, eit terrengritt som går frå Samnong (Tysse) til Fana stadion. Start kl. 09:00, skikkeleg drittvær, regna hardt og lenge. Roleg ut frå start, dei fyrste km bak fylgjebil. Fyrste bakke var opp frå Samnong. Der satt eg litt fart i front, og me var 3
Vidar nr. 13 i CykelVasan
Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, sykla i mål til ein sterk 13. plass i CykelVasan i går. Dette er eit terrengritt som til liks med Vasaloppet er dryge 9 mil frå Sälen til Mora i Sveriga. Det var høgt nivå med mange sterke ryttarar på startstreken. Vidar vart 3. beste nordmann! Les meir på Vidar sin blogg. Sjå resultat på våre resultatsider.
søndag 11. august 2013
Norseman: Reisebrev frå Roger svart trøya Eide
Det var ønske om et reisebrev. Så god lesning til den som ønsker. Håper det kan gi litt inspirasjon til at nåken fleire blir med å kasta seg i vatnet.
Norseman 2013 – Racereport (evt. reisebrev)
Norseman 2013 har vært hovedmålet for sesongen 2013! Fekk plass gjennom
Norseman 2013 – Racereport (evt. reisebrev)
Norseman 2013 har vært hovedmålet for sesongen 2013! Fekk plass gjennom
lørdag 10. august 2013
Vidar nr. 5 på HelteRittet
I dag gjekk også HelteRittet av stabelen med fleire av dei beste terrengsyklistane i Noreg på startstreken. Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team punkterte og laut sykla fem mil åleina, men kom likevel til mål på ein sterk 5. plass. Fredrik Wilmann frå Team Hardrocx-Abax-racing vann rittet på tida 3:39:04. Vidar skildrar ritta sine på bloggen sin. Sjå resultat på våre resultatsider.
Klosterrittet i strålande solskin i dag

mandag 5. august 2013
Roger med sterkt Norsemanresultat
Roger Eide, Vossevangen CK triathlon, deltok i helga på Norseman Xtreme Triathlon. Tevlinga startar med eit 4 meter høgt hopp frå ei ferja i Hardangerfjorden. Då lyt ein symja 3,8 km til land i Eidfjord. Deretter er det 180 km sykling frå Eidfjord, over Hardangervidda til Geilo, Dagalifjell og Imingfjell før dei kan avslutta med full maraton frå Tessungdalen og heilt opp til Gaustadtoppen! Roger kom i mål på den sterke tida 15:34:40 og vart med det nr. 94 og ei svart t-skjorte rikare. Han brukte 1:22:39 på symjinga, 8:07:08 på syklinga og 5:58:10 på løpsdelen. Markus Stierli vann med totaltida 11:25:16. Sjå komplette resultat på våre resultatsider.
lørdag 3. august 2013
Vidar med knallsterk 5. plass i Grenserittet!
torsdag 1. august 2013
MTB-ungdomstrening startar opp att 5. august
Måndag 5. august startar me oppatt med ungdomstrening på sykkel i Bømoen. Tidspunktet er framleis kl. 18-19. Me planlegg treningar den 5., 12., 19. og 26. august, samt 2. september. Den 7. september oppmodar me alle til å stilla på eit terrengsykkelritt i Bømoen. Påmeldinga er opna: klikk her.
søndag 28. juli 2013
Bjarte og Anders på delt 2. plass i Hardingrittet
Hardingrittet er eit landevegsritt på 87 km med start på Utne, inn til Odda og målgang i Kinsarvik. Bjarte Vethe, Vossevangen CK, og Anders Bø, Voss SK/Vossevangen CK, kom inn på delt 2. plass i dagens Hardingritt med tida 2:08:02. Nils Asbjørn Lie var hakk i hæl med den sterke tida 2:08:41. Helge Erik Mæland vart nr. 39 med tida 2:27:04. Fredrik Olsen, Åsane Ck, vann rittet med tida 2:06:31. Sjå resultatlista på våre resultatsider.
lørdag 27. juli 2013
Vidar med siger i Sjusjørittet

Sjå resultat på våre resultatsider. Du kan òg lesa meir på Vidar sin blogg.
lørdag 20. juli 2013
Vidar med sterk andreplass i Valdresrittet

søndag 14. juli 2013
Molde Challenge

mandag 8. juli 2013
Ironman 70.3 Haugesund
Roger Eide, Vossevangen CK triathlon, gjorde i helga ein solid figur i Ironman Haugesund. Dette er ein triahlonkonkurranse med internasjonal deltaking der dei fyrst lyt symja 1,9 km, så syklar dei 90 km før dei til slutt knyter på seg joggesko og avsluttar med ein halvmaraton. Roger fekk tida 4:58:37 og vart med det nr. 276 av dei 1300 som deltok. Vann gjorde Filip Ospaly med tida 3:46:10. Sjå resultat på våre resultatsider.
søndag 7. juli 2013
Jotunheimen Rundt 2013

lørdag 6. juli 2013
Nikolai punkterte frå ein 9. plass på Hallingrittet

onsdag 3. juli 2013
Vidar vann Hedemarksvidda rundt!
Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji team, vann sundag 30. juni Hedemarksvidda rundt. Rittet er eit 57 km langt terrengritt fordelt på grus, sti og asfalt. Vidar rapporterer at "det er ei forholdsvis grei løype med ikkje for vanskelige terrengparti og bakker som ikkje er verre enn at eg kjem meg opp uten å måtte ete opp styretapen ..." Vidar køyrde sterkare og sterkare utover rittet, og mot slutten laut òg den siste konkurrenten sleppa bakhjulet til Vidar. Sterkt! Les meir på Vidar sin blogg.
mandag 24. juni 2013
Treningsbrev frå Carsten og Nikolai
Filefjell Juni 2013
Nikken og Carsten reiste denne helga til Filefjell for å samle timer på terrengsykkelen. Dag var med som «coach og kokk», og leverte varene. Etter striregn fredag kveld, var me spent
Nikken og Carsten reiste denne helga til Filefjell for å samle timer på terrengsykkelen. Dag var med som «coach og kokk», og leverte varene. Etter striregn fredag kveld, var me spent
lørdag 22. juni 2013
Bjarte vann Trondheim-Oslo med Team Atea!
Silje med rå løyperekord på Hanguren opp!
fredag 21. juni 2013
Alf Hesjedal sitt idrettstipend til Nikolai!

søndag 9. juni 2013
Bjarte vann Mjøsa rundt med Team Atea
Bjarte Vethe, Vossevangen CK, sykla i dag inn til siger med Team Atea på Mjøsa rundt. Bjarte var ein av dei 18 som heldt heilt til mål for laget i dag. Vidar Mehl sykla òg for Atea, men seier i ein kommentar at "hovudet var meir gira enn
lørdag 8. juni 2013
Vidar nr. 4 i Raumerrittet
Vidar Mehl, Vossevangen CK/Team Toyota Fuji tok ein sterk 4. plass i dagens Raumerritt. Dette var eit maraton terrengritt på 79 km, og så godt som heile norgeseliten sto på startstreken. Vann gjorde Anders Hovdenes frå Team Herbalife med tida 2:31:58. Vidar var berre 15 sekund frå pallen med tida 2:32:49! Du kan ikkje lesa noko meir på Vidar sin blogg før om nokre dagar, for han har lagt seg tidleg sidan han skal sykla Mjøsa rundt i morgon med Team Atea ... Sjå resultat på våre resultatsider.
Bergsdalen opp
tirsdag 4. juni 2013
søndag 2. juni 2013
Bergen-Voss
søndag 26. mai 2013
Vossevangen CK i farta på NH-rundt

lørdag 25. mai 2013
VCK sette farge på Stalheimskleiva opp

Bjarte vann Landegrensen med Atea Pro Aktiv
Bjarte Vethe, Vossevangen CK/Tema Atea Pro Aktiv vann i dag landevegsrittet Landegrensen. Bjarte kom i mål saman med 13 andre frå laget. Sjå resultat på våre resultatsider.
Vidar nr. 8 i årets fyrste norgescup terreng
Vidar Mehl, Vossevangen CK/Team Toyota Fuji vart i dag nr. 8 i Montebellorittet. Dette var det fyrste rittet i årets norgescup terreng maraton. Les meir på Vidar sin blogg. Sjå resultat på våre resultatsider.
torsdag 23. mai 2013
Rapport frå dagens motbakketempo
Hulken Hanevik |
Trass i lett motvind heile vegen vart det sykla styggfort. Nikolai og Jørund leverte kjempeløp. Magnus er eit råskinn på flatar, men i dag slo han til med ein 3. plass.
onsdag 22. mai 2013
Bakketempo Liland-Hamlagrø torsdag 23. mai
Ritt nr. 2 i Vossevangen CK sin "interncup" er ein motbakketempo med enkeltstart frå Hamalgrø til Liland. Oppøte på meieriet kl. 18 for felles oppvarming. Alle som vil kan delta!
To VCK-arar på Skjærgårdsrittet
Helge Erik Mæland og Bengt Arvidsson representerte Vossevangen CK i årets Skjærgårdsritt. Helge Erik kom inn på tida 2:29 og Bengt på 2:55. Vann gjorde Team Meistersykkel på ny løyperekord: 1:56:29. Sjå resultat på våre resultatsider.
tirsdag 21. mai 2013
Sponsing av rittsett til ryttarar under 20 år
Oppdatert informasjon om sponsing av sykkelklede til ungdomsmedlem i Vossevangen CK: Sjå sida vår med informasjon om klede og klesbestilling.
søndag 19. mai 2013
Atea Pro Aktiv med siger i Nordmarka rundt
Samstundes med at Seksvassrunden gjekk her lokalt, var Vossevangen CK representerte i det knallharde rittet "Nordmarka rundt". Vidar Mehl køyrde for Atea Pro Aktiv, og dei smadra den gamle løyperekorden med 9 minutt. Dei slo Rye-ekspressen med 7 minutt og Team YT Torshov med omlag 5 min. Vossevangen CK skulle eigentleg hatt to mann med på laget til Atea, men Bjarte Vethe laut stå av pga. sjukdom. Les meir på Vidar sin blogg. Me gratulerar Vidar med ein ny flott siger! Sjå resultat på våre resultatsider.
6-vatn: Spreke VCK-arar, særleg Vebjørn!
![]() |
Vebjørn opp Tjukkabygde |
onsdag 15. mai 2013
Nikolai nr. 2 i Continentalcupen

Les Nikolai sin rittrapport:
mandag 13. mai 2013
Viktig informasjon frå leiar
Vyrde syklistar!
1. Eg vil få minne om utsendt medlemsgiro for 2013. Ver gild og betal denne snarast!
2. Tinging av klede: Me tek ein ekstrarunde på tinging av klubbklede. Er det noko du manglar? Eller har du berre frykteleg lyst på ei Vossevangen CK-tempodrakt? Då har du sjansen no! Registrer deg i nettbutikken: http://inverse.proline.no/. Kodeordet har du fått tilsendt på e-post. So er det berre å tinga det ein ynskjer. Me har visse krav til oss til minimumstingingar pr. del osv, men dette tek me etterkvart om det vert aktuelt. Gje ein lyd til meg om ein det er noko ein lurar på.
Beste helsing, Jørund Rong, Leiar i Vossevangen CK.
1. Eg vil få minne om utsendt medlemsgiro for 2013. Ver gild og betal denne snarast!
2. Tinging av klede: Me tek ein ekstrarunde på tinging av klubbklede. Er det noko du manglar? Eller har du berre frykteleg lyst på ei Vossevangen CK-tempodrakt? Då har du sjansen no! Registrer deg i nettbutikken: http://inverse.proline.no/. Kodeordet har du fått tilsendt på e-post. So er det berre å tinga det ein ynskjer. Me har visse krav til oss til minimumstingingar pr. del osv, men dette tek me etterkvart om det vert aktuelt. Gje ein lyd til meg om ein det er noko ein lurar på.
Beste helsing, Jørund Rong, Leiar i Vossevangen CK.
Vidar punkterte frå 5. plass på Helgøyatråkket
Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fujii Team, sykla godt men var uheldig og punkterte frå ein 5. plass på terrengrittet Helgøyetråkket i helga. Vidar hadde los på 4. plassen, og langt ned til nr. 5 då uhellet var ute. Sidan han måtte snu for å få tak i slange og pumpa enda dagen med ein noko kjedeleg 19. plass. Les meir på Vidar sin blogg, og sjå resultat på våre resultatsider.
onsdag 8. mai 2013
Nikolai nr. 3 i fyrste continentalcupritt

mandag 6. mai 2013
Vidar nr. 2 på JH-rittet

torsdag 2. mai 2013
Tempotest 2. mai i sludd, storm og 0 grader
onsdag 1. mai 2013
Bjarte og Vidar vann Enebakk rundt

Nikolai i vinnarpulja på Os Rundt

"Årets Os rundt gjekk som alltid på 1.mai, og sjølv om værprognosane meldte 4 grader, sludd og regn, slapp me unna med med opphaldsvær. Etter eit par veke med sure og stive bein, var eg spent på formen. Mange gode namn på startlisto, men
Tempotest torsdag 2. mai på Sætre

mandag 29. april 2013
Ungdomstreningane på sykkel er i gang
Stalheimskleiva opp utsett til 25. mai
På grunn av snjo og minusgrader vert årets Stalheimskleiva opp utsett til 25. mai.
mandag 22. april 2013
Ungdomstrening på sykkel, oppstart 29.4 kl. 18

søndag 21. april 2013
Vidar med VCK-siger nr. 2 denne helga!

Her er Vidar sin rapport: "Kjørte i går landeveisritt på Feiring. Vårsprinten som eg har kjørt mange år på rad no. Var tittelforsvarar frå i fjor så hadde litt å forsvara;)
lørdag 20. april 2013
Nikolai med årets fyrste siger
I dag gjekk treningsrittet Venjaneset-Åse av stabelen i Fusa. Vossevangen CK hadde tre mann på start: Nikolai Hanevik, Magnus Hanevik og Eirik Mjelde. Nikolai stakk av med sigeren trass i eit sterkt startfelt. Trykk les meir for å sjå resultatlista samt Nikolai sitt rittrapport.
torsdag 18. april 2013
søndag 7. april 2013
Rapport frå Gardasjøen!
Tre blide karar frå Vossevangen CK, Jarle Trå, Bjarte Vethe og Njål Nyre, syklar i desse dagar rundt på praktfulle stiar rundt Gardasjøen. Trykk på les meir for å sjå Jarle sine bilete og dagsrapportar!
onsdag 3. april 2013
Continentalcup på terrengsykkel
Sjå sida vår med terminlista 2013 for ny informasjon om terrengsykkelcup. Dette er fem artige ritt i skog og lyng - kjempetrening. Informasjon om påmelding kjem snart.
mandag 1. april 2013
Utetreningar våren 2013
Pga. av vær og føretilhøve, vert det ikkje oppstart av systematiske utetreningar før tysdag 09.04. Treningsplan kjem snart på heimesida.
torsdag 21. mars 2013
Fellesritt 2013
Hallingrittet er årets fellesritt for Vossevangen CK. Det går av stabelen lørdag 6. juli, med start og innkomst ved Oset Høyfjellshotell på Golsfjellet.
Røysting kring treningstider 2013
Det er sett i gang ei røysting på feisbukk kring tider for fellestreningar
tirsdag 5. mars 2013
Terminlista 2013
Sjå oppdatert terminliste-info her på heimesida vår. Påmelding til Nordhordland rundt 26.5 er godt i gang ...
mandag 4. mars 2013
Spinning avlyst i morgon
Spinning 5. mars må diverre avlysast då ingen av instruktørane våre hadde høve.
fredag 15. februar 2013
Tinging av klubbklede
Gå inn på denne lenkja: http://inverse.proline.no/. Registrer dykk på heimesida med namn, adresse, tlf. og kodeord. Då vert de knytt opp mot Vossevangen CK sine klede. Dette er klede av særs god kvalitet.
Me set frist til 1. mars for tingingar.
mandag 11. februar 2013
Jørund Rong ny leiar i Vossevangen CK
Med seg i styret får han:
Egil Lidsheim (nestleiar og kasserar)
Dag Christenesen
Anton Hanevik
Olav Dugstad
Dette teiknar bra. Me både gratulerer og ynskjer lukke til!
lørdag 9. februar 2013
Årsmøte og prøving av klede: 10.2 kl. 18
tirsdag 5. februar 2013
Samarbeid med Vethe Sport og Fritid

mandag 28. januar 2013
Syden-rapport frå Nils
lørdag 26. januar 2013
Bergen-Voss 2013

tirsdag 22. januar 2013
Fellesbestilling av Booster og Recover
Rune kan organisera ei fellesbestilling av booster og recover. Gje beskjed til Rune innan 3. februar om du vil ha noko. Det er fleire typar Recover, så du må gje beskjed kva smak du vil ha! Info om produkta: http://www.scienceinnutrition.no/
fredag 4. januar 2013
Årsmøte Vossevangen CK
Abonner på:
Innlegg (Atom)