tirsdag 14. november 2023

Stønad til elite-satsing 2024

Vossevangen CK tilbyr stønad til dei som satsar på elitenivå. Fristen for å få slik stønad i 2024 er 31.12.2023. Sjå meir info på våre medlemssider. Søknad skal sendast til vossevangenck@gmail.com. 

søndag 22. oktober 2023

NC Sykkelkross: Ola på pallen!

I helga vart Norway Cross skipa til i Oslo på Grønmo av IF Frøy. Dette var det 5. og 6. rittet i noregskøppen i sykkelkross. Ola Blikberg Herheim stilte for Vossevangen CK. Han vart nr. 10 og 11 på NC-ritta sist helg trass mykje teknisk trøbbel med sykkelen. På laurdagens Norway Cross ritt vart det totalt utstyrshavari etter to runder og ein DNF, men han fekk vist interessante tendensar. Etter intens tråling i dei største sykkelbutikkane i

lørdag 23. september 2023

Medlemstilbod: Bikefolder

Vyrde medlemmer,

Gjennom Norges Cykleforbund har me fått eit medlemstilbod. BikeFolder er eit norsk selskap som har utvikla ei teneste som kan sikra verdien på sykkelen samt gje ein verdiauke. Her

onsdag 20. september 2023

NC terreng Halden: Yvonne nr. 5!

I helga som var vart siste helga for Noregskøppritt terreng arrangert i Halden. Etter mykje uhell før i år fekk endeleg Yvonne Berge Børsheim vist litt av kva ho kan på ein terrengsykkel med ein veldig sterk femteplass på kortbanerittet sundagen. På lånt sykkel fekk ho ein ok start trass i at ho

onsdag 13. september 2023

NM Terreng Maraton: Kjetil sykla sterkt

Sist helg vart NM terreng maraton arrangert. For Vossevangen CK stilte Kjetil Kiledal Isaksen. Trass i lite rittrening siste åra og eit kjede som datt av tre gonger, sykla Kjetil som vanleg sterkt inn til ein femteplass i M40-40. Og ikkje overraskande sykla han fort nedover og var raskaste master-syklist på den innlagde Strava-tevlinga. Les rittrapporten hans under og sjå resultatlister her!

mandag 11. september 2023

Rogaland 3-etappars: Ola nr. 3!

Pallen på tempoen
I helga arrangerte Stavanger SK og Sandnes SK Rogaland 3-etappers som sesongavslutting på den nasjonale Joker-serien for ungdomsritt. Ola Blikberg Herheim stilte for Vossevangen CK i M15-16. Den klassen sykla fyrst 10 km temporitt og så 30 min gateritt laurdagen og fellesstart på 80 km sundagen. Ola slo til med ein krutsterk tempo. Tempoen var nokså flat med kjeglevending halvvegs. Han heldt godt fylgje halvvegs, men attende var det litt meir stigning og då var han klart raskast og sykla

torsdag 7. september 2023

NC terreng: Johan med 5. plass!

Fyrste helga i september var det NC terreng med Oslo terrengsykkelfestival. Ritta vart arrangert av Frøy Sykkel på Skullerud. Johan Berge Børsheim sykla inn til si beste plassering nokon sinne med ein svært sterk femteplass på kortbanerittet sundagen. Prestasjonen vart ekstra sterk fordi han fekk ein dårleg start, samt at mange av dei beste svenskane var med og gjorde M15-16 til den største klassen med over 50 påmeldte deltakarar. På rundbanerittet laurdag låg Johan også godt an,

fredag 25. august 2023

Kanondag for Vossevangen CK på Fløyen opp

Torsdag 24.8 vart motbakkerittet Fløyen opp arrangert. Vossevangen stille med fem ryttarar som alle gjorde sakene sine særs godt. Det er bratt og langt opp til Fløyen, både for dei som starta heilt nede ved nedre stasjon og dei yngre som starta litt lenger oppe. Men, bratt og hardt, saman med fint

søndag 6. august 2023

Johan og Ola med siger i Offroad Valdres kortvegs

Johan Berge Børsheim og Ola Blikberg Herheim stakk av med sigeren i Offroad Valdres kortvegstevling for lag denne helga. Rittet var dryge 40 km med sti på Valdres- og Golsfjellet, og VCK-gutane var raskast av alle, inkludert dei som deltok i singel-klassen. Det var uvanleg fuktig i år og sugande forhold, men det brydde ikkje Johan og Ola seg noko særlig om. Sjå videosnuttar under,

søndag 9. juli 2023

Tour te fjells: Sterk sykling av Kristin

Tour te fjells gjekk av stabelen 6.-8. juli. Det er eit etapperitt junior og senior med fire etappar og del av Norgescupen på landeveg. Kristin Eidsheim Sønnesyn imponerte kraftig på fleire av etappane, berre sju månadar etter at dottera Åsne vart fødd. Med ein sjetteplass på både 3. og 4. etappe viser Kristin at ho er på høgde med dei aller beste damene i landet. Me tilrår at de les Kristin sin fyldige rapport frå alle fire etappane under, og så ventar me i spaning på om Filip går med på ein overgang til

mandag 3. juli 2023

Kanonsykling av VCK-ungdomane på NC rundbane Nes

Johan på kortbanerittet

I helga som var vart noregscupritt nr. 8 og 9 arrangert på Nes utanfor Oslo. Laurdagen var det rundbane og sundagen kortbane. Johan Berge Børsheim sykla kolossalt på rundbanerittet laurdagen og tok ein råsterk femteplass i M15-16. Han starta godt og kom seg tidleg opp topp ti, avanserte ytterlegare til ein

tirsdag 6. juni 2023

Ny runde med tinging av kle – frist 12.6!

No kjem ein ekstrarunde med tinging av VCK-kle! Nettbutikken er open fram til og med måndag 12. juni! Klikk deg inn på denne lenkja for å koma til nettbutikken. Dei som har konto frå før kan bruka same påloggingsinfo som før, de andre må registrera ny konto.

No kan ein endeleg få kjøpa lause armar og bein med VCK-logo, Vossevangen caps og både svarte og

søndag 4. juni 2023

Bergsdalen opp: Guro med siger og Ola med andreplass

Laurdag 3. juni var det tid for Bergsdalen opp. I flott sommarvær vart ryttarane gode og varme dei 4 kilometrande med 10 % opp til Bergsfossen. Guro Rong sykla sitt fyrste sykkelritt nokonsinne og klinte til med siger i fyrste forsøk og var raskaste totalt i heile dameklassen med 17:32. Det ser ut til at Guro bør sykla fleire sykkelritt framover. Ola Blikberg Herheim tok andreplass totalt i

Fint VCK-dusin på årets Bergen-Voss

Laurdag 2. juni gjekk Bergen-Voss av stabelen. Vossevangen CK hadde 12 ryttarar med, som alle sykla godt i sol og fin temperatur. Vår raskaste var Thomas Vethe som sette ny personleg rekord med 4:17 og tok andreplass i M20-24 og vart nr. 32 totalt. I fylgje rapportane var det mange nøgde syklistar, så til neste år satsar me på endå fleire med frå Vossevangen CK.

mandag 29. mai 2023

Ola og Kristin med solid sykling i Fana 3-dagers

Ola Blikberg Herheim og Kristin Eidsheim Sønnesyn sykla denne helga Fana 3-dagers. Ola bytte ut terrengsykkelen og fekk brynt seg mot dei sterkaste 15-16 åringane på landevegen. Han sat med inn frontgruppa på gaterittet laurdag og fellesstartrittet sundag. På tempoen sundag ettermiddag var han 50 sekund bak vinnar. I dag var det kongeetappen, Osterøy fellesstart, med 330 høydemeter per runde på 12,7 km, i regn og

Yvonne og Johan med topp 10-plasseringar i NM rundbane

Denne helga var det NM i terreng rundbane i Trondheim. For Vossevangen CK stilte Yvonne Berge Børsheim i K15-16 og Johan Berge Børsheim i M15-16. Laurdagen var det rundbane, og der tok Yvonne ein fin-fin femteplass og Johan ein tidendeplass. Sundagen var det kortbane, og

mandag 24. april 2023

God sesongstart NC terreng for Yvonne, Johan og Ola

I helga sykla Yvonne og Johan Berge Børsheim og Ola Blikberg Herheim sesongopning Norgescup terreng på Vigrestad. Laurdag var det prolog, ein tempo i ein runde i rundbaneløypa, og sundag var det vanleg rundbaneritt fellesstart. Ungdomane gjorde det aldeles strålande. Yvonne er yngst i K15-16, men fekk likevel ein sterk 8. plass på prologen laurdag og 9. plass på rundbane-rittet sundag. Gutane syklar i ein sterk klasse, M15-16, med 35 deltakarar. Ola og Johan kom på 8. og 10. plass

søndag 16. april 2023

Fellestreningar våren 2023

Vyrde syklistar! Våren 2023 køyrer Vossevangen CK fellestreningar måndagar og onsdagar kl. 18 med oppmøte ved Amfi. Som hovudregel er det roleg trening måndagar og hardare trening onsdagar. Me oppmodar alle om å prioritera høgt å få med seg så mange fellestreningar som råd! Alle er velkomne på våre treningar. Fyrste trening vert måndag 17.4, og det er meldt strålande sol!

Sjå meir info på våre treningssider.

Kanon sesongstart for Kristin og Ola

Fana IL Sykkel skipa denne helga til tre ritt: Myrdalen opp, Stend gateritt og Rådalen rundt. Tre framifrå ritt i strålande vær. Kristin Sønnesyn Eidsheim, som vart mor for berre fem månadar sidan, overraska alle, inkludert seg sjølv, då ho sykla inn til ein krutsterk andreplass i kvinner senior, rett bak Emma Dyrhovden frå Åsane CK og med Vita Heine frå Fana Sykkel på tredjeplass. Ola Blikberg Herheim deltok i alle tre ritta og fekk med seg

torsdag 30. mars 2023

Innkalling til årsmøte 2023

Årsmøte Vossevangen Cykleklubb
Tid: Sundag 16. april kl. 19.30
Stad: Peppes pizza

Sakslista:
1. Opning
2. Godkjenning av røysteføre
3. Godkjenning av innkalling og sakslista
4. Val av dirigent og to representantar til å underskriva protokollen
5. Årsmelding
6. Rekneskap og budsjett
7. Fastsetjing av medlemskontingent 2023
8. Talentsatsing i regi av NCF Region Vest (Rune kjem med info)
9. Info om arrangering av ritt (Rune Herheim)
10. Drøfting av samanslåing av VCK og Voss SK
11. Innkomne forslag
12. Val

Forslag til andre saker som ein ynskjer skal handsamast på årsmøte må vera styret i hende innan 10. april 2023.

Styret Vossevangen Cykleklubb

mandag 13. mars 2023

Tinging av Vossevangen CK klede!

No kan du tinga deg nye klede til sesongen! Nettbutikken er open fram til og med måndag 20. mars! Klikk deg inn på denne lenkja for å koma til nettbutikken. Dei som har konto frå før kan bruka same påloggingsinfo som før, de andre må registrera ny konto.

NB: Det er viktig at de les gjennom