mandag 24. mai 2021

Fana 3-dagers: Siger til Kristin og debut for Skage

Denne langhelga gjekk Fana 3-dagers av stabelen. Laurdagen var det Lønningenrittet, sundag var det Lonevågrunden samt ein tempo og måndagen var det Osterøy fellesstart. For Vossevangen CK stilte Kristin Eidsheim Sønnesyn i kvinner senior på laurdagen og måndagen, medan Skage Ringheim-Helgaset debuterte i G14 med dei to ritta på sundagen. Kristin viser storform og vann begge ritta ho stilte i! Og med sigeren i dag vart ho også regionsmeister! Skage hang fint med lenge og fekk med seg to fine fjerdeplassar. Sjå resultat her: Lønningenrittet, Lonevågrunden, Lonevågen tempo og Osterøy fellesstart. Sjå bileta og les Kristin og Skage sine rittrapportar under.

torsdag 20. mai 2021

Fin-fin tempo-test på Sæthre


I dag gjekk Vossevangen CK sin sagnomsuste tempo-test på Sæthre av stabelen. I ti grader, turr asfalt og litt motvind fram til vending, fekk ein fin gjeng kjend litt på det å ta i og jaga sekundar att. Jørund sette dagens raskaste tid med 14:17 medan Rune var raskast av dei med landevegssyklar på tida 14:47. Thomas smadra sin tidlegare personlege rekord og tok tredjeplassen med 15:05. Skage Ringheim-Helgaset, 14 år, debuterte med den sterke tida 17:54. Sjå komplett resultatlista under samt fleire bilete teke av dagens startar og fotograf, Bjarte Vethe: