I strålande vær gjekk den 36. utgåva av
Os rundt av stabelen i dag. Vossevangen CK hadde tre pax på startlista, men då Jørung Rong vart ein DNS og Magnus Hanevik vart ein DNF, laut May Lisbeth Flo ta ansvar for å representera klubben med teljande resultat. Magnus fekk tekniske vanskar tidleg, sjå bilete under, og laut kasta inn handduken på toppen av Fanafjellet.
May Lisbeth derimot klarde seg riktig bra. Både utstyr og ryttar heldt heilt til mål, og May kom inn som 8. beste dame. Sjå resultat på
våre resultatsider.