mandag 19. august 2024

Vossevangen CK klinkar til på alle frontar!

Det har vore ei hendingsrik periode for fleire av våre medlemmar siste tida. Den 11. august starta Kristin Eidsheim Sønnesyn på det som må vera den største utfordringa ho har teke på seg på sykkelsetet. Mother North, med 1000 km og 16 000 høgdemeter på grus, gras, sti og asfalt, hadde fått dei fleste til å tenkja at sofaen freistar meir. Ikkje Kristin, og ho var suverent raskaste kvinne og faktisk berre to menn før ho i mål! Den 13. august sykla Håkon Skjoldli inn til ein sterk 3. plass på Munkebotn opp i M13-14. Håkon kjem nærmare og nærmare dei beste i sin klasse. Ola Blikberg Herheim fekk sin debut i landslangsdrakt då han vart teken ut til å