mandag 1. juni 2026
Marius med to sigrar og Kristin med ein!
Denne helga sette Vossevangen CK sitt preg på to turritt, Haugesund-Sauda laurdagen og Skjærgårdsrittet sundagen. Marius Flatebø vann like godt begge ritta. Laurdagen vann han suverent saman med ein lokal unggut frå Sauda, med ny løperekord og nesten fem minutt til dei neste ryttarane. Sundagen vann han saman med Filip Smørås og Sander
Kjetil dobbelt Noregsmeister!
Kjetil Kiledal Isaksen, Vossevangen CK, sykla denne helga NM rundbane terreng i Sande. Laurdag var det rundbane og sundag kortbane. Som det råskinnet han er tok han heim sigeren i M45–49 begge dagar, trass i at han måtte starta bakerst! Veldig sterk sykling, og me tilrår alle å lesa Kjetil sin rapport frå helga, sjå
mandag 25. mai 2026
Ea Berge Børsheim debuterte på Jokerritt
Denne helga gjekk Fana Sykkel sin årvisse Fana 3-dagers av stabelen. Fira ritt, tre fellesstartar og ein tempo, som alle inngår i den nasjonale Jokerritt-serien for dei mellom 10–16 år. Vossevangen CK hadde med Ea Berge Børsheim i K13–14 og Filip Eidsheim i M35–39.
I fylgje rapportane var Ea naturleg nok noko usikker på kva ho gjekk til sidan det var hennar fyrste ritt på dette nivået, men ho
Marius nr. 13 på Noregskøpp
I helga gjekk 3. NC-helg landeveg av stabelen i Oslo. Marius Flatebø, Vossevangen CK, sykla fellesstarten laurdag og gateritt sundag. På gaterittet fekk han vist fram svært solid nivå og låg heile vegen godt plassert. Det enda til slutt med ein sterk 13. plass og ein god dag for laget frå NCF Region Vest. Marius seier fylgjande etter rittet:
mandag 11. mai 2026
Voss Sparebank med viktig støtte til Vossevangen CK
Voss Sparebank er hovudsponsor for Vossevangen CK, og er allereie med det den viktigaste støttespelar for klubben. I tillegg stiller dei opp med ekstra midlar når klubben har teke på seg store arrangement som Jokerritta i 2024, nasjonale ritt for dei mellom 10–16 år og Norgeskøpp landeveg i 2025 og 2026 for junior og senior, kvinner og menn. I 2025 vart arrangementet råka av eit frykteleg regnver, og då stilte banken opp og betalte naudsynt vegarbeid kvelden før fellesstartrittet. Dei har òg støtta klubben med innkjøp av tre utlånssyklar og det siste dei har gjort er å gje eit stort bidrag til klubben og regionen sitt innkjøp av tidtakings- og målfoto-utstyr. Dette er me særs takksame for og me oppmodar alle våre medlemar om å bruka Voss Sparebank som sin primærbank.
søndag 3. mai 2026
VCK med på mange frontar i helga!
Denne helga hadde Vossevangen CK mange ryttarar i elden. Ola Blikberg Herheim sykla GP Vorarlberg fredag. Rittet hadde ein hard profil med mange bakkar og samla mange av dei beste conti-laga frå Tyskland, Sveits og Austerrike. Det vart sykla hardt frå start, og til slutt var det to grupper på 30 mann som sykla frå resten. Ola kom inn med gruppe 2 og enda på 45. plass. Sundag sykla han nytt ritt og sat med i eit
søndag 26. april 2026
Ola nr. 8 i U23 og 22 totalt i Internationales Kirschblütenrennen
I dag gjekk Internationales Raiffeisenbank Kirschblütenrennen av stabelen i Linz i Austerrike. Vossevangen CK hadde med Ola Blikberg Herheim som syklar for det austerriske laget Arbö Kärnten Sport. Rittet var 168 km med fleire lengre bakkar fyrste 13 mila. Det vart eit hardt ritt der folk datt av etter kvart, og med tre mil att sat Ola i ei frontgruppa på om lag 25 mann. Siste tre mila var kortare bakkar og sidevind, og då vart det ein kamp for å henga på. Kom i mål til 22. plass totalt og vart 8 i U23 og beste fyrsteårs. Rittet vart sendt på YouTube: klikk her.
God fellesstart av Marius på fyrste NC-helg
Denne helga skipa Grenland SK til årets fyrste NC-helg for landeveg. Vossevangen CK hadde med Marius Flatebø i menn elite på Kermes-rittet laurdag og fellesstarten sundag. Kermes-rittet gjekk ikkje heilt som vona med ein 45. plass. I dag på fellesstarten gjekk det langt betre, og Marius kom inn på ein 25. plass av dei 66 til start i menn elite. Det var ein solid bakke opp til mål på kvar runde som tidleg skilte feltet og ryttarane kom til slutt stykkevis og delt til mål. Ein solid kraftprøve, og neste helg kjem andre NC-helg, denne gongen på Ottestad og Gylne Gutuar.
søndag 19. april 2026
Ola imponerte i Tour of Bosnia and Herzegovina
Ola Blikberg Herheim sykla denne veka etapperittet Tour of Bosnia and Herzegovina. Rittet var eit UCI 2.2 ritt over tre etappar med sterkt startfelt sett saman av 25 lag med sju ryttarar på kvart lag, totalt 175 ryttarar. Ola er 18 år og som fyrsteårs senior har han ein hjelperyttar-rolle i laget. Fyrste etappe var tenkt som spurtetappe, men ein bakke etter 40 km sprengte feltet. Ei gruppa på 15 mann kom fyrst over, og Ola sat som fjerdemann
Vossevangen CK sterke i Bergen i helga
Denne helga skipa Fana IL Sykkel til turrittet Fanafjellet rundt laurdag og det aktive rittet Rådalen rundt sundag. Vossevangen CK hadde med Marius Flatebø i menn senior begge dagar, Kristin Eidsheim Sønnesyn i kvinner senior laurdag og Filip Eidsheim i masterklassen begge dagar. Marius var sterk begge dagar og fekk betalt
tirsdag 7. april 2026
Marius imponerte i 3 Dage i Nord
Dei tre siste dagane av påsken går det årlege rittet 3 Dage i Nord i Danmark. Det er tre ritt med totalt opp mot 1000 ryttarar i kvart av ritta, og A-klassen for senior talde i år omlag 180 ryttarar der alle dei beste kontinentallaga frå Danmark var med, samt sterke ryttarar frå heile Norden. Årets ritt vart prega av ekstreme vindforhold, der det andre rittet vart avlyst og det tredje rittet avbrote. Slike vindforhold i flate rundløyper gjer ein allereie
torsdag 5. mars 2026
Årsmøte 2026
Innkalling til årsøte 2026, Vossevangen Cykleklubb
Tid: Onsdag 11. mars kl. 19.00
Stad: Voss Bowling
Sakslista:
1. Opning2. Godkjenning av røysteføre
3. Godkjenning av innkallinga og sakslista
4. Val av dirigent og to representantar til å underskriva protokollen
5. Årsmelding
6. Rekneskap og budsjett
7. Fastsetjing av medlemskontingenten 2026
8. Ungdomssatsing i regi av NCF Region vest
9. Ritt me arrangerer
10. Innkomne forslag
11. Val
Forslag til andre saker som ein ynskjer handsama på årsmøte må væra styre i hende innan 8. mars 2026.
Styret Vossevangen Cyklekubb
Abonner på:
Innlegg (Atom)

