mandag 13. juli 2015

Jørund nr. 14 i Master-NM fellesstart

Jørund Rong representerte Vossevangen CK sine fargar på fellesstarten i master-NM i helga. Det vart lagt opp til eit hardt ritt i Hallingdalen, der løypa hadde fleire lange og harde motbakkar og nokre friske nedkøyringar. Ikkje uventa hang Jørund med teten oppover, men laut gje luka til dei beste nedover. Likevel vart det eit sterkt resultat med 14. plass i klassen og berre 10 minutt bak vinnaren. Sjå resultat på våre resultatsider, og les Jørund sin rittrapport under.


Master-NM, fellesstart. Gol, 12. juli 2015
Etter å ha køyrt Master-NM tempo, tok eg sikte på å stilla på fellesstarten og. Eg la sommarferiestarten strategisk til Hallingdal, og i dag sundag 12.07 var det klart for start. I år gjekk master-NM som siste etappe i «Tour de Hallingdal». Det var lagt opp til ei knalltøff løype med mykje motbakkar. Med duskregn og våt asfalt gjekk starten kl. 09:00. Det var eit relativt stort felt, då dei starta klassane 30-34, 35-39 og 40-44 i same pulja. Mykje kjende både namn og fjes på start, og eg forstod det ville verta tøft! Utan oppvarming vart det ein tøff og brutal start. Det var masterbil ut av Gol sentrum, og so bar det rett til fjells. Farten var høg og eg kjente det var tungt frå start. Me steig 450 høgdemeter i eit strekk, før me stupte ned att til Gol sentrum i ein 7 km lang nedkøyring. Eg sat med fyrste gruppa opp, men kom litt langt bak då nedkøyringa starta. Nede i sentrum att var eg nok 100 meter bak teten, og det gjekk på nytt full gass oppatt same bakke ein gong til! Eg sleit med å tetta luka, og syra kom. Eg laut sjå feltet stakk i frå, «that feeling». Denne runden skulle me enno høgare opp, då me tok mot vest og mot Hemsedal midt i bakken. Dette var soleis ei klatring på om lag 650 høgdemeter. Eg såg feltet framføre meg, det sprakk opp i fleire delar, og eg freista å koma meg opp. Men det var vel 100-150 meter på toppen. Frykteleg surt, då me no skulle køyra lett terreng heilt til Hemsedal. Eg vart då liggjande åleine i ei mil, og tungsinnet kom sigande. Det kom opp to karar då eg nærmar meg Ulsåk, i tillegg køyrde me inn ein kar. Me fire vart soleis køyrande i saman heilt til mål. Me køyrde bra i lag og klarde å halde godt trykk heilt til mål. Me kom inn om lag 10 min bak vinnarane, og det vart ein 14.-plass i klassen (av 24) på meg. Det er berre å innsjå at nivået var høgt, og litt for høgt for meg!. Slik løypa var i dag, betydde det alt å sitja med opp på fjellet. Frå der og inn var det lettkøyrte mil og høg fart, og soleis stor fordel av å liggja i eit felt. Det mest positive i dag var vel at eg tok spurten i gruppa mi!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar