mandag 21. mars 2016

Medlemskap 2016, pluss litt informasjon!

Gode syklistar!

Ein ny sykkelsesong er på gang, og det er berre å gle seg til mange fine turar og ritt! Vedlagt finn dykk medlemsgiro for 2016. I år freistar me ei digital løysing. Betal berre denne i mobilbank/nettbank, eller på vanleg vis om du ynskjer! 

Litt info;

  1. Årsmøte vart avhalde måndag 07.03.2016. Klubben gjorde mellom anna fylgjande vedtak:
  • Klubben skal dekke påmeldingsavgift for alle offisielle ritt i Noreg, med tre unntak; Bergen-Voss, Voss-Geilo og Birkebeinsrittet. Dvs at ein ikkje lenger krev eliteklasse som tidlegare. 
  • Klubben skal halda årsfest etter same lest som i fjor då me hadde 10-årsjubileum. 
  • Klubben søttar med 50% av kostnad ved kjøp av klubben sine sykkelklede.
  • Styret for 2016 er; 
    • Jørund Rong (leair)
    • Dag Tore Roe (kasserar)
    • Geir Ove Byrkje (styremedlem)
    • Stine Hafnor Gjerald (styremedlem)
    • Kjetil Isaksen (styremedlem)
2. Sykkelklede:
  • Me skal i år skifte klesleverandør til Kalas. Frist for tinging er 28.03, kl 24.00. Det ligg informasjon om dette på klubben sin Facebookside. Me oppmodar alle om å nytte høve til å kjøpe klede no med knalltilbod der klubben dekker 50% av prisen!
  • Tinging skjer her; http://teamservice.original.no/
  • Brukarnamn er: vossevangen2016

3. Fellestreningar: 

Me tek sikte på oppstart av fellestreningar so snart vær- og føretilhøve tilseier det. Meir informasjon kjem. Me siktar mot tysdag/torsdag som tidlegare, med langtur i helgene når det høve seg slik.


4. Terminliste er under utarbeiding. Vert lagt ut på heimeside etter påske!


5. Lisens! Hugs å tinge lisens: https://reg.eqtiming.no/?EventUID=21027


Vensam helsing, styret i Vossevangen CK



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar