* Dag Tore Roe (leiar)
* Erlend Mestad
* Stine Gjerald
* Geir Ove Byrkje
* Kjetil Isaksen
Vossevangen CK sine nye leiar! |
Vedlagt ligg elektronisk medlemsgiro for 2017! Betalt den og du er medlem for 2017-sesongen! Klubben kjem i utgangspunktet til å halde fram med fellestreningar kl. 18:00 tysdag og torsdag, pluss langturar i helgene osv. Me startar opp når det vårast og turkar opp. Klestinging for 2017 er i utgangspunktet unnagjort, men me kjem til å køyre ein "suppleringsrunde" seinare i år.
Lisens ordnar du her: LISENS
Me vil i åg som tidlegare år freista å få gjennomført den fantastiske fine vårturen: Voss-Tørrvikbygd-Jondal og retur neste dag frå Jondal-Utne-Odda-Lofthus-Bu-Ulvik-Voss!
Klubben har særs gode vilkår for medlemmar til å delta på ritt. Du får dekt reise til alle ritt på heile Vestlandet/Sør-Noreg, inkl. Hallingdal, Telemark og Valdres. I tillegg får ein dekt startpengar for samtlege ritt, med nokre unntak. Sjå meir her: Medlemsfordelar VCK
Då er det berre å gle seg til årets sesong!
Medlemsgiro:
Digital medlemsgiro VCK 2017 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar