torsdag 4. juni 2020

Viktig retningsliner for fellestreningar

Eg har fått fleire reaksjoner frå både deltakarar på fellestreningar/turar og folk som har observert oss både langs vegen og på strava som stiller spørsmål til sikkerheiten og måten det blir sykla på. Eg har også sjølv registrert fleire
situasjoner som har gjort meg bekymra. Er me ute å syklar i klubbtøy representerer me ikkje berre "syklistar" men også Vossevangen CK og sponsorane våre.

Når me syklar SKAL me halde til høgre, uansett om det er bil eller sykkelveg. Er me fleire skal me sykla maks to i breidda, og er det naudsynt skal me legga oss inn på ei rekka. På gangveg har me vikeplikt for gående, og passering av andre skal skje i gangfart. Dette er spesielt viktig dersom det er born i vegen. Me kan t.d. ikkje ligge i 60 km/t frå Istad til Palmafossen, for der er det fleire uoversiktlige parti og me skal ikkje ha nokon ulykker. Jo fleire me syklar ilag, jo roligare må me ta det. Det er ikkje gjort på eit par meter å stoppa på ein trygg måte for ei gruppa med ti syklistar i høg fart.

Det er registrert fleire tilfeller i år av at møtande trafikk peikar oss over på riktig side av vegen, og slik skal det ikkje være i VCK. Me har også sett fleire som syklar heilt over på feil side i uoversiktlege svingar. Dette MÅ ein unngå, både når ein syklar oppover og nedover.  Sjølv på ein lite trafikkert veg kan det koma bilar eller syklar imot, og sjølv om du syklar seint oppover er det ikkje sikkert dei du møter syklar/køyrer seint. Dette gjeld også når ein jakter ein KOM.

Me skal fortsatt ha det kjekt på treninger, og dette betyr ikkje at alle skal sykla sakte på to rekker i alle utforkøyringar, men at ein skal visa aktsemd og ikkje utsetja seg sjølv eller andre for unødvendig fare og irritasjon. Dette er spesielt viktig når me har med oss juniorar på tur, og det har me vore heldig og hatt med oss på alle treningar i år. Det har vore nok alvorlege ulukker innan sykling og me skal ikkje ha nokon unødvendige skader i VCK.

Les NCF sine Sykkelvettregler.

Mvh
Geir Ove Byrkje
Leiar VCK

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar