onsdag 9. mars 2022

Søknad om stønad

Dei som skal satsa aktivt komande sesong kan søkja klubben om støtte. Stønaden kan nyttast til reise, opphald, påmelding og lisens (ikkje til kjøp av utstyr). Vilkår ein legg vekt på ved tildeling: Resultat frå tidlegare år og Alder og utviklingspotensiale. 

Alle utøvarar som får tildelt stønad skal signera kontrakt med klubben før utbetaling kan skje. Utbetaling vil berre skje om villkåra i kontrakt er oppfylt. Utøvarar med lisens i Vossevangen CK men som i tillegg har kommersiell og/eller sportsleg tilknyting til andre  team/sponsorlag, vil verta prioritert bak dei som satsar for fullt gjennom klubben.

Søknadsfrist er 22.3.2022 for komande sesong. Styret tek atterhald om tilstrekkeleg økonomi. Reglane kan endrast på årsmøtet. Søknad skal sendast til vossevangen.ck@gmail.com 

NB: Minner alle om å registrera seg i det nye digitale medlemsregisteret vårt i Hoopit!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar