søndag 5. oktober 2025

Solid sykling i EM av Ola

Ola inn i mål på tempoen
Denne veka hadde Ola Blikberg Herheim æra av å representera det norske flagget under EM i landevegssykling i Frankrike. Ola var del av seksmannslaget som stilte på fellesstarten fredag 3. oktober, og i tillegg var han ein av dei tre som fekk sykla temporittet onsdag 1. oktober. Ola sykla solid tempo der han heldt det godt saman teknisk men med noko lågare watt-verdiar enn han kan på sitt beste. Det heldt likevel til ein 30. plass i tøft selskap, og med tida 33:17 var han berre 1:19 bak sjetteplassen. Fellesstarten fredag var i ei brutal løypa med tøffe klatringar, tekniske nedkøyringar og lite kvile. Det førte til at over halvparten av dei 150 startande vart tekne ut av rittet og ikkje fekk fullføra. Ola sleit litt i starten, men beina vart betre utover rittet og vart med det mellom dei som fekk fullføra rittet med