Vidar Mehl slo alt og alle og gjekk til topps i eit svært gjørmete Hallingritt i dag. Gratulerer! Les meir på Vidar sin blogg.
Nikoai Hanevik sykla godt og kom inn berre ti minutt bak Vidar trass i at han hadde fleire fall. Carsten Christensen låg godt an i lag med Nikolai då han var uheldig og punkterte og måtte bryta. Magnus Hanevik hadde ein kjempefall og måtte også bryta. Rune Herheim prøvde å ta det litt med ro i starten, men sprakk likevel etter 0,2 km. Etter vel halvkøyrd ritt knakk han pedalen men knota seg likevel til mål. Anton Hanevik og Bjarte Vethe vart forkjøla og fekk diverre ikkje stilt til start. Sjå vår resultatside for resultatliste.
Carsten og Nikolai kjem snart med ein utvida rapport.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar