lørdag 6. august 2011

Massevelt i Grenserittet

Vossevangen CK hadde to ryttarar med i Grenserittet: Vidar Mehl og Bjarte Vethe. Grenserittet er eit stort terrengritt med 7000 ryttarar og internasjonal deltaking. Rittet er 80 km og går frå Strømstad til Halden.

Både Vidar og Bjarte sykla i eliteklassen. Dei sat begge med i tetgruppa etter 5 km. Diverre vart det der ein massevelt, og begge Vossevangen sine karar havna midt i smørja. Verst gjekk det utover Vidar som måtte bryta. Heldigvis kom han frå det utan brot eller strekte leddband. Les Vidar si vurdering her.

Bjarte fekk vikla laus hjulene frå andre sine trøer og styret ut av eit kaos av vaierar og sykla vidare. Til slutt kom han inn på tida 2:46:00 og ein sterk 9. plass i sin klasse. Bestemann totalt var Matthias Wengelin frå Sverige på 2:33:24.

Sjå resultat på våre resultatsider. Les meir på http://www.grenserittet.com/.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar