onsdag 8. februar 2012

Medlemskontingenten

I desse dagar mottek du den kjekkaste fakturaen i året. Medlemskapet i Vossevangen CK! 

Minner om at dei som skal løyse lisens må ha medlemskapet i boks før dette kan ordnast. Lisensen fiksar Rune Herheim. For dei som betalar familiemedlemskap er det viktig at de sender ein e-post til Rune der han kan registrera alle medlemmane. Då lyt de senda namn og fødselsnummer på arvingane og kåno/mannen. Adresse og telefon om dei har dette. Kontingenten er lik som den var i fjor.

Om du ser dette og ikkje er medlem vonar me du vil lesa meir om klubben på desse sidene og særleg denne sida: bli medlem.


Medlemssatsane er:
  • Hovudmedlem:       Kr 350,-
  • Familiemedlem:     Kr 400,-
  • Ungdomsmedlem: Kr 200,-
  • Støttemedlem:       Kr 100,-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar