søndag 6. april 2014

Nikolai bra med på Rådalen rundt

I dag køyrde Nikolai Hanevik frå Vossevangen CK landevegsrittet Rådalen rundt. Nikolai deltok i eliteklassen med sterk deltaking. Han klare likevel å henga med i hovedfeltet inn til mål. Nikolai seier fylgjande i ein kommentar etter rittet: "Køyrde i dag rundbanerittet Rådalen rundt, 10x6 km. Sterkt felt, med fleire ifrå Team Fixit og ein "joker". Fyrste rittet for sesongen, så var litt spent på formen. Etter eit par harde rundar, gjekk 4-5 ryttarar i brudd. Dette bruddet
heldt heilt inn til mål, der ein frå Team Fixit vann. Eg knekte meg med "hovudfeltet" inn mot mål, sjølv om eg hamna litt bak i spurten. Greit nøgd med dagen, kjekt å starta sesongen. Flott ritt og arrangement, sjølv om været var litt småsurt". Sjå resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar