lørdag 19. juli 2014

Valdresrittet 2014

I dag gjekk Valdresrittet av stabelen i strålande sol og lite vind. Valdresrittet er eit terrengritt på 54 km med mange, lange og til dels teknisk krevjande terrengparti. Trass i flott vær var det likevel svært mange gjørmete parti, særleg i det fyrste terrengpartiet. Bjarte Vethe og Rune Herheim stilte i eliteklassen for Vossevangen CK. Det var ny deltakarrekord med over 700 ryttarar, og mange av dei beste norske maratonryttarane var med. Lars Granberg kom rett frå tidenes beste norske VM-plassering og tok sigeren eitt sekund før NC-leiar Carl Fredrik Hagen med ny løyperekord, 1:39:52. Bjarte kom på 20. plass med tida 1:48:29 og Rune vart nr. 28 med 1:50:59. Sjå resultat på våre resultatsider. Dei beste plasseringane for Vossevangen CK stod likevel Ola Blikberg Herheim og Johanne Blikberg Herheim for i borna sitt Valdresritt. Med omlag 50 born til start klarde Ola å lura Johanne i spurten og tok femteplassen med ei hjullengd før Johanne ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar