Thomas Vethe tok juniortittelen - arkivbilete! |
Laurdag 11. oktober vart det skipa lagsmeisterskap og årsfest i Vossevangen CK. Løypeval i år var tre og halv runde i Bømoen og deretter til Fjose / Tøn. Været var overraskande bra, og det vart stort sett sykla i kortbrok! Stemninga var sjølvsagt på topp og rittet vart både spanande og innhaldsrikt!
Lagsmeister juniorklassen vart Thomas Vethe! Thomas peiste seg til Tøn på gode 15 minutt! Me gratulerar!
I seniorklassen vart det støyta og støyta, spesielt Nikolai var ivrig! Men feltet var samla til me skulle opp Tjukkabygde. Ein del motvind oppover gjorde at det vart køyrt jamnt til Ygres, men der sprakk det opp. Nikolai og Jørund fekk ei god luka på Rune, Arnstein og Jon Arild. Mot mål vart det spurt og Nikolai tok fortent sigeren! Me gratulerar Nikoali som klubbmeister. Noko dårleg oppmøte i kvinneklassen, dvs. ingen! Alle fekk premie i år, då vår gode samarbeidspartnar www.sykkelkomponenter.no hadde sendt ei kassa med "sykkelstæsj" til oss!
Rittrapport frå lagsmeisteren:
Ӂrets
klubbmesterskap starta med 3-4 runder inne i bømoen. Her vart det litt
lurekøyring, med innslag av kamikazerykk
for å lage litt action. Men det blei som venta, rittet skulle bli avgjort opp
den berykta tjukkabygdbakkjen. Holdt et jamnt tempo opp fyrste del, før eg
slapp klubbleiaren fram i tet (på tide at han bidrog, hadde ligget og lurt på
halen). Han holdt tempoet oppe, og me to kom ilag opp til mål. Dette skulle då
bli ein spurtduell mellom to spurtkjemper, der Eg trakk det lengste strået kjekt arrangement og god innsats frå alle
mann!”
![]() |
God steming etter målgang! |
![]() |
Rong sikta høg, men tapte spurten! |
![]() |
Hellebust gav alt, men i år laut han bita i graset. |
På kvelden var det årsfest hjå Olav og Renate som vertskap! Det var særs triveleg! God mat, godt prat og mange gode framtidsvisjonar vart skapt og diskutert. So var det meir premiering;
* Årets prestasjon; Silje Rafaelsen / Kjetil Isaksen.
* Årets servicemann / langar: Halle Strømmen
* Årets trufaste slitar; Dag Christensen
* Årets "kjeda" / "Johnny": Jon Arild Hellebust
* Årets eldsjel: Rune Herheim og Olav Dugstad.
Renate og Olav: Eit perfekt vertskap! |
Dag, Rune, Roger og Trude! |
Jon Arild, Arnstein, Frode og Martin |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar