Det vert årsmøte i Vossevangen CK vert sundag 22.02.2015 kl. 19:00 hjå Fitness1 i Vangsgata, 2.etg. Saker til handsaming lyt vera komne til styret innan 13.02.2015. Send til: Vossevangenck@gmail.com
Tinging av klede: Me opnar nettbutikken og tek imot tingingar fram til måndag 23.02.2015. Klubben støttar som i fjor opp med 40 % rabatt på oridinære prisar. Sjå meir detaljar under.
Fellestur til Mallorca; Minner om klubben sin "treningsleir" på Mallorca i mars. Kjernetid er 14.03-21.03. Klubben stør opp med 1000 NOK pr. medlem. Me bur på Fontanellas! Det vert sosialt og triveleg! Kjekt om fleire vert med!
- Nettbutikken til Inverse ligg her: http://inverse.proline.no (skal no fungera, har vore litt ustabil med ymse feilmeldingar. NB: om du får "kommunikasjonsfeil" vil varene leggja seg i handlekorga).
- Logg inn med brukarnamn og passord. Dette er det same som ein nytta i fjor/tidlegare år. Viss ein har gløymt passord kan ein tasta inn epost-adresse å få tilsendt dette.
- Nye brukarar registrerer seg på sida. Her legg ein inn firmakode: (tilsendt på e-post)
- Når ein kjem inn i butikken vel ein "Sykkeltøy" og ein får opp dei produkta som er tilgjengelege.
- "Rabatten" er allereie trekt i frå.
- Det finst dame-modellar av bukser for dei som ynskjer det! Både med og utan selar.
- Me har inkludert nokre klede i barnestorleikar.
- Det finst ein del ulike variantar av dei ulike plagga. Skilnadane skal vera forklart i nettbutikken. Logoen til klubben er ikkje synleg i nettbutikken. Sjå bilete over for å sjå korleis kleda ser ut.
- Når det gjeld trøyer finst dei som "Allround", "Record" og "Aero". Aero har saumlaus kant på arm, og er soleis heilt tilsitjande mot huda.
- Sokkar: Det er no høve til å tinga Vossevangen CK-sokkar!
- Utvalet er noko større, me har avgrensa det noko. Gje melding om det er noko de saknar.
- Storleikskart finst i nettbutikken. Høyr med andre medlemmar kva dei nyttar av storleikar.
- Pga. leveringstid på inntil seks veker lyt me vera raske med å tinga. Me stenger difor nettbutikken 23.02.2015 kl. 24:00.
- Evt. spursmål kan stillast til leiar på epost vossevangenck@gmail.com eller på fjesboksida til klubben!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar