søndag 19. april 2015

Straumemilen 2015 - Rong med tempodebut!

Det tradisjonelle temporittet "Straumemilen" vart avvikla i dag, sundag 19.04, og Vossevangen CK hadde sendt leiaren til Bergen for å debutera som temporyttar. Været var fint og alt gjekk vel. Me har motteke fylgjande rapport frå Jørund:


"Klokko ringde 04:45, og det var berre å koma seg til Bergen. Temporitt-debut med start 07:30 ein sundagsmorgon kan høyrast hardt ut, men det kan absolutt tilrådast! Været var fint, men noko kaldt. Med relativt nykjøpt temposykkel var eg spent på korleis debuten skulle gå. Eg var difor med på rittet både for å læra, og samstundes få meg ei kort hardøkt! 


Oppvarming er ein heilt sentral del av dette....fann eg ut.
Eg gjorde som eg har sett på fjernsyn, varma opp på "rodlo". Etterpå var det sykkelkontroll, og eg var litt nervøs for at eg ikkje var "UCI-compliance", men det gjekk fint og eg slapp igjennon utan merknadar! Løypa var meir kupert enn forventa, det var ein del "falske flatar". Gjekk vel litt hardt ut, og eg merka at eg hadde teke litt lett på oppvarminga. Soleis fekk eg det litt etter vending (ikkje uventa ...). Eg kom i mål på 14:35 og er realtivt godt nøgd når eg samanstiller mot andre som var med! Med ei løype på 10,22 km vart det snitt på 42,7 km/t. Dette gav meirsmak og eg satsar på fleire slike ritt denne sesongen! Halle var med som "servicemann", veldig kjekt med selskap og hjelp!"



Rong angrip ein sving, eller omvendt. Foto: Arne Solli (BCK). 

Resultat ligg på resultatsida vår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar