lørdag 5. september 2015

Flott terrengsykkeldag i Bømoen!

I strålande vær sykla unge og vaksne terrengritt i Bømoen i dag. Dette var det femte og avsluttande rittet i årets Continentalcup. Dei yngste, 4-11 år, starta ballet med å sykla så mange rundar dei klarde på 12 minutt i ei fin og variert rundløypa. Etterpå var det dei eldre sin tur i ein noko lengre runde med mykje artig stisykling. Kjetil Isaksen vann klassen som sykla 7 rundar, 28 sekund før Rune Herheim. Tobias Nyborg imponerte med ein flott 3. plass. Roger Eide tok 5. plassen, Olav Dugstad 6. plass, Jan Eric Crook 11. plass og Geir Ove Byrkje 13. plass. I klassen for dei som sykla 4 rundar vann Ole Haveraaen før Tobias Ute (12 år!) og Trude Andersen. Thomas Wethe tok 6. plassen og Anne Bergesen 9. plass. Tek me med Mia Utne på 11. plass og Unni Ytreland med 2. plass i Race King-klassen, så er det særs moro å sjå at jentene viser musklar i terrenget! Jakob Tveten Søyland (10 år!) vann klassen for dei som sykla 2 rundar. Sjå rittrapportar under og resultat på våre resultatsider. Torbjørn Helgesen tok mange fine bilete.


Kjetil
Etter å syklet mest terreng siste tiden, gledet jeg meg til å sykle sti på hjemmebane. Og ikke nok med det, sol og fine forhold i Bømoen! Det var et noe større felt i år enn i fjor som stilte til start. Og for meg mange nye fjes. Roger gikk hardt ut og tok jobben som hare i starten Etter første runde hadde Rune og meg en god luke. Vi ble kjørende sammen en god stund. Morsomt å se hvordan han forserte terrenget på sin nye sykkel. Jeg måtte på best mulig måte forsøke å bite meg fast. Etter å mistet kjede et par ganger hadde han en god luke. Skjønte etterhvert at jeg måtte fortsette på lille-skiva. Det fungerte greit. Etter 4-5 runder får jeg igjen øyekontakt med Rune. Jeg prøver å kjøre jevnt for å ta han igjen. Det klarer jeg ca 1 og 1/2 runde før mål. Jeg har mistanke om at han begynner å bli litt sliten. Og etter noen fartsøkninger får jeg luke. Dette holder til slutt inn til mål. Det var veldig moro å være med i dag. Er imponert over at så mange stiller opp, hjelper til og ikke minst skaper god stemning!


Rune
Veldig kjekk dag i Bømoen i dag - flott start på arrangementet med 14 ungar til start i barnerittet! I går slo eg ut håret og kjøpte meg fulldempar. Fekk prøvd han litt ein halvtime i går og bestemte meg for å ta sjansen og bruka han i dag. Litt uvant sjølvsagt, men på dei fartsfylte og "rotfylte" stiane i Bømoen trur eg fulldempar er eit godt val. Kjetil og eg fekk tidleg ei luka, men so var han plutseleg 20 sekundar bak. Så sykla med litt med den avstanden før han plutseleg var ute av syne. Fekk vita etterpå at Kjetil hadde ei kjeda som hoppa av. På femte runden fekk han orden på sysakene, eg gjorde nokre feil samt at eg kjende at det begynte å verta litt tomt for krefter. Vips var han på hjulet, og ut på siste runden tok han å køyrde hardt i eit mintts tid. Då gjekk det fint å halda han, og han roa ned. Plutseleg stod me nesten i ro i botnen av ein liten knekkar. Der blas Kjetil opp, medan eg tok fram nokre vinglekunstar. Kjetil fekk 20 meter som me heldt ei stund. Då me kom til Rangabrekko gav han flat pedal og var borte vekk. Kom meg til mål 28 sekund bak ein svært god syklist. Eit sitat frå Vladimir Smirnov er på sin plass: "Jäg ar mycket nöjd".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar