Laurdag 17.10 feira Vossevangen CK seg sjølv. Tiårsdagen til klubben skulle feirast! Ein slo på stortromma og inviterte til trerettars på Store Ringheim. God mat kombinert med talar, song og moro, gjorde kvelden særs vellukka. Før på dagen vart det mtb-leikar og lagsmeisterskap. For n-teåret på rad hadde me gnistrande haustvær når me skipar til denne årvisse meisterskapen. Dei som viste seg aller flinkast til å balansera, snu på femøringen og stailing var Thomas Vethe for dei yngre, Anne Bergesen for kvinnene og Roger Eide for mennene. Deretter vart det barneritt der Kristian Vethe kom fyrst i mål. Til sist sykle dei vaksne to rundar i continentalløypa, og årets lagsmeistrar vart Kjetil Isaksen og Anne Bergesen. Veldig moro, og ikkje minst: opp mot 30 til start - ny rekord!!
![]() |
| Full konsentrasjon på balansering |
![]() |
| Paul og Rune trallar litt |





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar