torsdag 7. juli 2016

Paul med solid innsats under Ironman Haugesund!

Evigunge Paul Skeie (Vossevangen CK) gjennomførte Ironman Haugesund sist helg, og det med stil. Les Paul sin fine rapport frå hardøkta her;


Paul i fint driv!



Rapport Ironman Haugesund; 

Etter at Celine og meg fekk ein son i 2014 har eg trent mindre.  Før trente eg når eg hadde lyst, og det er ofte, no trenar eg når eg har tid.  Noko trening må eg jo drive med uansett, det har med trivsel å gjera.  Dei som kjenner meg veit også at eg er glad i mat og drikke, og dette må balanserast med aktvititet, ellers blir eg ein tjukkas.  Ifjor deltok eg på min første Ironman 70.3 i Haugesund, det var moro, sjølv om halvmaratonen på slutten var ein lidelse, det gjekk sakte og eg måtte grave djupt.  På sundag var eg igjen med på Ironman 70.3 Haugesund med ambisjoner om å perse, ikkje meir.  Treningsgrunnlaget er så som så, men noko betre enn ifjor.  Me tok det som ein familietur, så Celine og Erik var med. Me kom til Haugesund laurdag klokka 15:30.  Då var det innsjekk på hotell, henting av startnummer, racebriefing og sykkelinnsjekk noko som i tillegg til å klargjere sykkelen, inneber å pakke ein blå pose til syklinga og ein raud pose til springinga og køyre opp til stadion ved Skeisvatnet der symjinga foregår.  Kvelden før diskuterte eg litt med andre om korleis me skulle kle oss på syklinga, prognosane antyda 10-12 grader med fare for regn.  Eg meinte at kort-kort triatlondrakt måtte vera tilstrekkeleg, det skal litt til å fryse når ein jobber som ein hest, andre ville ha på lange armer og jakke.  Etter å ha sett klokka på ringing klokka 05:20 la me oss til å sove klokka 22:00.  Klokka 03:45 var Erik ljos våken, så den alarmen kunne eg ha spart meg, Erik heldt det gåande til klokka 05:00 så då var det berre å stå opp. Ved frokosten plaska regnet mot rutene, men eg var optimist, me skulle jo starte med symjing så våte ville me jo bli uansett. Klokka 06:45 tok eg bussen opp til stadion for å førebu meg, trekke på meg våtdrakta, ta ein siste sjekk av sykkelen, setje den i eit lett gir klar til oppoverbakken frå stadion og ta eit siste toalettbesøk.  Speaker opplyste om at symjinga var innkorta frå 1900 til 1500 meter grunna ein kombinasjon av låg luft-temperatur og låg vasstemperatur, det var 9 grader i lufta og 15 grader i Skeisvatnet, fint tenkte eg, symjetrening har det vore lite av iår.  Eg valde å starte i ei gruppe med forventa symjetid på 35 minutt på 1900 meter.  Det skulle innebera at eg måtte symja litt fortare enn 2 minutt på hundremeteren.  Då eg byrja å symje var eg overtent og la i veg i eit tempo som ikkje kunne vare, etter eit par hundre meter var fekk eg åndenød og eg fekk ei klaustrofobisk kjensle som eg ikkje har hatt på symjing før, eg måtte stoppe heilt og hadde nokon tilbudt meg ein båt og ei øl då så hadde eg truleg takka ja. Eg kom meg etterkvart igang att og passa på å fokusere på roleg frekvens, høg alboge, strekke meg godt fram og ut for kvart tak og eg kunne fokusere på å gjera «mi greie» igjen.  Eg prøvde meg på å drafte på andre, men denne koden har eg ikkje løyst endå så eg prøvde å fokusere på meg sjølv, symjinga og navigeringa.  Etter ei stund får eg noko som må ha vore ein hel frå ein brystsymjar mitt i trynet, det var ein stjernetreff med mykje kraft bak og det kjendest ut som om tre framtenner på høgre side oppe var lause, eg måtte stoppe opp og kjenne etter kor gale dette eigentleg var, nasa var veldig øm og eg var litt svimmel, men eg kom meg igang att.  Eg tykte det tok uendeleg lang tid å komme gjennom løypa og eg var sjeleglad då eg vassa iland.  Så var det å jogge ned til teltet, fekk hjelp til å dra av våtdrakta og sprang bort for å hente blå sykkelpose nummer 1990 med sykkelsko, sokkar og tempohjelm. Så var det å levere frå seg sykkelposen med våtdrakt, badehette og symjebriller og springe bort til sykkelen, og komme igang med syklinga.  Eg sykla uten wattmålar og såg heller ikkje på pulsklokka, prøvde å finne eit bra tempo, halde att litt i oppoverbakkane og dra på med ein gong eg kom over bakketoppane.  I ettertid ser eg at eg heldt snittfart på 38 km/t dei første 30 km.  Etterkvart byrja eg å føle meg svolten og eg trøkka innpå ein gel og drakk litt av flaska eg hadde på sykkelen. Eg mista nok litt trøkket etterkvart, kanskje blei det for lite næring eller kanskje eg berre var for dårleg trent.  Det småregna litt uten at det plaga meg mykje, men eg køyrde nokså passivt i svingane for å unngå velt.  På eit tidspunkt pøsregna det og då måtte eg dra på litt for å få varmen i meg, men stort sett gjekk det greit å sykle i kort-kort.  Etterpå fekk eg høyre at to av proffane hadde brote grunna nedkjøling, for lite spekk sannsynlegvis.  Det slit ikkje eg med for tida, nokon fordeler må ein ha.  På slutten av syklinga valde eg å ta det litt med ro, klok av skade frå ifjor då starten på springinga fekk meg til å lura på om det kunne gå å springe i det heile tatt, når beina kjentes slik dei gjorde.  Dei siste tre mila var snittfarten 32 km/t, eg tok det kanskje litt vel med ro.  Idet eg kom i T2 satte eg sykkelen tilbake på plassen sin og sprang for å hente den raude springeposen merka 1990, eg var så heldig at det sto klistremerke på stativet for kvar 10ende så eg trengte ikkje å sjå på posen.  Eg kom meg i teltet, fekk av meg sykkelskoene og opna posen og der låg det eit par joggesko som eg aldri hadde sett før, pokker, eg hadde teke pose nummer 1989, eg skunda meg tilbake til stativet medan eg drog nokre gloser og fekk hengt tilbake pose 1989 og dobbelsjekka at eg hadde med meg pose 1990.  Så tilbake i teltet og så var det desse kompresjons-strømpene då. I april fekk eg ein skade i senefestet i høgre legg og etter det har eg avstått frå springing.  Eg var veldig usikker på korleis springinga ville fungere, men eg hadde eit håp om at det skulle gå bra dersom eg hadde på kompresjons-strømper.  Eg hadde slike med heil fot, merka R og L og trange som pokker så det tok litt tid å få dei på.  Då eg etter alt for lang tid i T2 byrja å springe, kjendes det som om eg hadde ein svær klump under foten og eg tenkte «eg kan ikkje springe halvmaraton med ein klump under foten» så eg satte meg ned på ei trapp for å ta av meg sko og strømpe.  Eg fann ikkje heilt ut av kva den klumpen var, eg trur det må ha vore berre ei kjensle som skuldast overgangen frå sykkelskoene, så den stoppen kunne eg truleg spart meg.  Eg var litt letta då eg kom igang med springinga, det kjendest ikkje så urealistisk ut å skulle fullføra halvmaraton med desse beina.  Heilt ulikt kjensla eg hadde då eg byrja springe ifjor heldigvis.  Halvmaratonen i Haugesund foregår meir eller mindre i sentrum, med to turer bort til eit vendepunkt der ein ved første passering får eit raudt band rundt armen og ved andre passering eit blått band.  Det er mykje folk langs løypa og ein spring forbi speaker og målområdet fire gonger før ein går i mål.  Mange heier og borna tilbyr «high five» til alle som vil.  Sjølv om ein er sliten så er det motiverande når folk heier og lager god stemning. Spesielt kjekt var det at Celine og Erik heia og eg stoppa ved eine passeringa for å gje Erik ein klem.  Halvmaratonen brukte eg 2 timer og eitt minutt på, så snittfarten var omlag 6 minutt per km.  Totaltida vart 5:27:45 og det står i stil med treningsgrunnlaget og eg er nøgd med den.  Eg kunne nok ha hatt betre klaff med gjennomføringa, men eg er ingen røynd triatlet.  Eg brukte 6 minutt i T1 og 6 minutt i T2, her må det vera mogleg å knipe inn litt.  Og dersom Erik søv om nettene til hausten og vinteren så håper eg å få jobbe opp terskelwatten min på sykkel, og å få legge inn terskeløkter på springing også. Når det gjeld symjing kan eg jobbe meir med teknikken og i framtida vil eg halde meg langt unna kjølvatnet til folk som symjer bryst, dei kan knocke deg ut med fråsparka sine.  Avslutningsvis vil eg oppmode fleire i klubben til å melde seg på Ironman Haugesund 2017.  Det er eit kjekt arrangement som passer alle.  Symjinga, som er ein bøyg for mange, kan du tape 15 minutt på, så er du god å sykle og springe så kan du likevel få ei god tid. Det hadde vore kjekt om me var ein gjeng frå Vossevangen CK til neste år"






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar