søndag 24. juli 2016

Vossevangen CK nr. 15 på Offroad Valdres

I går stilte tre mann frå Vossevangen CK opp i lagtevlinga Offroad Valdres. Dette må kallast eit type ekstremritt, der lag på to til tre deltakarar skal sykla 15,9 mil på til dels teknisk sti i fjellområda mellom Hemsedal og Fagernes. Bjarte Vethe, Carsten Christensen og Rune Herheim hadde ei framifrå oppleving. Det var sjølvsagt ei stor fysisk påkjenning, men samstundes var det ei fantastisk naturoppleving, milevis med moro-sti og kjekt å sykla samla som lag frå start til mål. Gutane frå Vossevangen CK hadde ikkje hatt høve til noko form for rekognosering av løypa. Dette har ein god del å sei når ein syklar sti, og ikkje minst mista me ein del tid på at me ikkje fann alle stiane med ei gong. Det er nemleg slik at stiane er ikkje skilta, ein skulle kun sykla etter GPS-spor. Vårt lag vart nr. 15 med sluttida 10 timar, 9 minutt og 16 sekund (mista 2-3 plassar pga. feilnavigering siste kilometrane) av dei 50 startande, 2t18min bak proffduoen frå det nederlandske laget KMC, men med berre ein drøy time opp til 3. plassen. Sjå resultatliste her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar