Vossevangen CK hadde lagsmeisterskap og årsfest i går laurdag 15.10. Tradisjonen tru vart det ein kort men hard batalje, i år med avslutting opp Dyrvedalen. Heine Nysæther synte seg sterkast, og tok sigeren framføre Jørund Rong. Kampen om bronseplassen var hard, der Forde Atterår klarde å lura seg framføre Arnstein Ringhim. Diverre var det ingen kvinner til start i årerts ritt.
|
Pallen på lagsmeisterskapen |
På kvelden var det kjekk årsfest i Viljarhuset på Palmafossen. Tildeling av pris for "årets prestasjon" gjekk til Heine Nysæther, Kjetil Isaksen og Kristin Sønnesyn. Leiaren hadde laga ein vel vanskeleg sykkel-quiz, med både lokale og internasjonale utfordringar. Vinnarlaget vart Stine Gjerald, Nina Hagen og Frode Atterås! Det er berre å trena og gleda seg til nesteår!
|
Kjekt med årsfest! |
|
Nina (He) og Nina (Ha), blide og spreke damer |
|
Minstemann på fest var Jon Gjerald! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar