mandag 5. juni 2017

Roger med god innsats i Skjærgårdsrittet.

I dag vart skjærgårdsrittet arrangert, eit 85km langt ritt med start på Sotra, videre til Fjell, Steinsland, Klokkarvik,  Ågotnes og mål på Tjeldstø i Øygarden. VCK hadde Roger Eide i godt slag på startstreken.


Me har fått følgjande rapport frå Roger:


Eg har i dag vert på skjæargardsrittet som gjekk ganske bra. I går låg eg med feber og var ikkje i slag, og hadde ikkje tenkt meg på ritt i dag. Men våkna frisk som ein fisk 🙂 Ingenting var planlagt til dagen, glømte lys, lang do kø, dermed blei da ca.2,5min oppvarming før eg var i rød sone. Starta i gruppe 1 som er uvant for meg, og her var det posisjonering før kvar bakke(da e ikkje bakka på sotra 🙂 ) med Fana sykkel i front. I den lengste bakken på sund-runden som ikkje er meir enn ca.2,20 til toppen blei da ein splitt og 9 mann seig i frå. Vi klarte ikkje å tetta den luka, men hadde dei i kikkerten neste 20 min. Etter dette går ting litt roligere for seg i feltet som er på ca. 30 mann. Klarer å holde fin flyt og kommer inn på delt 10plass på tida 2.01.39 og kun 2.23 bak navn som Øyvind Nyhammer, Stian Heggøy og Ørjan Vika. Totalt sett storfornøyd 🙂


Sjå resultat her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar