Bjarte i mål. Foto: Siren Vethe |
Laurdag 1.9 gjekk kraftprøven Oslo-Lærdal av stabelen. Heile 340 km på diverse, kuperte småvegar og motvind over Filefjell gjorde rittet til ein verkeleg styrkeprøve. Vossevangen CK hadde heile sju mann med. Bjarte Vethe tok ein sterk 8. plass med tida 10:08:33, 14 minutt bak vinnaren Knut Sande frå Asker CK. Dag Tore Roe imponerte med ein 40. plass på tida 10:47:15. Gaute Mykkeltvedt kom inn på 11:56:42, Simon Øverland på 12:24:36, Jon Aril Hellebust på 12:31:58 og Erlend Mestad på 12:38:10. Imponerande innsats av alle mann! Kjetil Isaksen, vårt heitaste vinnarkort,
drog på seg to punkteringar og laut diverre kasta inn handduken.
drog på seg to punkteringar og laut diverre kasta inn handduken.
Bjarte har sendt oss fylgjande rittrapport:
Kjørte laurdag det gjenoppstarta løpet Oslo-Lærdal, etter 18 års pause. Starten gjekk kl. 05:00 om morgonen frå Bogstad Camping. Det var veldig kaldt ved start, men fekk fort varmen da vi kjørte over Sollihøgda. Deretter gjekk det litt på kryss og tvers gjennom Ringerike før vi så kom inn til første matstasjon etter ca. 75 km. Like før første langing fekk eg eikebrot i bakhjulet, der eg hadde store problemer med å få hjulet rundt. Heldigvis fekk eg nytt hjul like før matstasjonen, slik at eg fekk skifta raskt og kom meg opp att i tetfeltet. Frå Hallingby og inn til Bagn gjekk det ganske roleg i feltet. Frå Bagn møtte me dei kraftige stigningane opp Reinli, her sprakk feltet fullstendig opp. Etter Reinli stigningane var me ca. 20 mann i tetfeltet. Der satt også Geir Edvard Geitle, som kjørte utroleg sterkt. Eitt stykke før Ryfoss kom 5 mann avgårde, etter mykje hard kjøring på grusveg og kuppert terreng kom vi så ut på E6 att, der eg og ein frå team Kjekkas kjørte frå vårt felt og prøvde å komme opp til teten, men me klarte ikkje å innhente dei. Me vart liggande aleine til toppen av stigningane til Tyin, kor me vart innhenta av to andre løparar. Me fire kjørte i lag over Filefjell i kraftig motvind. Dei støta seinere i frå oss, slik at me vart liggande to aleine inn til mål. Me kjørte likt over mål der eg fekk delt 8. plass. Eg er passe fornøyd med resultatet, hadde eit håp om å sitte med tetfeltet inn. 340 km på dårlege grus og asfaltvegar på grunn av mykje anleggsarbeid i området. Moro, men veldig tøft løp. Veldig kjekt at det var mange vossingar som fullførte dette tøffe løpet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar