tirsdag 20. august 2019

Voss-Geilo

På laurdag var det klart for den sjuande utgåva av Voss-Geilo.


Sindre, Sondre, Bjarte og Tor Ivar(i rødt og svart)
på veg opp Ulvikahøgde.
Foto: T. Guldbrandsen
 
Vêrmeldinga såg ikkje bra ut, med mykje regn og kraftig side/mot vind over vidda. Mange hadde nok fjorårets kalde og våte tur over fjellet i bakhovudet og kvidde seg litt for å melda seg på, men 5 tøffe VCK syklistar stilte til start saman med ca.400 andre. VCK fekk siger både i herre og dame klassen med Sindre Hirth og Kristin Eidsheim Sønnesyn.
Sindre sykla inn på tida 4:57, medan Kristin kom i mål på 5:31.
Bjarte Vethe kom inn på 5:21. Sondre Tysseland sykla på 5:23, medan ein av våre nyaste medlemmer, Tor Ivar Seim kom like bak med 5:24.


Kristin har sendt oss fyljande rapport:

Kristin på veg ned Skjervet.
Foto: T. Guldbrandsen
Endeleg passa det! I mange år har Voss-Geilo kræsja med andre løp eller jobb. Endeleg skulle eg sykla den evig lange bakken opp til Dyranut. Men hausten ville koma før sumaren var over og mi største bekymring før start var kor mange lag eg skulle kle meg i. Eg fraus skikkeleg under Bergen - Voss og var ikkje hypp på gjentaking. Eg gjekk for fornuftig mange lag og var god og varm då eg stilte meg opp. Kjekt å sjå kjente andlet i pulja før mi, eg trur Sindre og Bjarte var litt kaldare enn meg. Det hølja då me sykla ut fra Voss og det var ikkje berre positive tankar som fôr gjennom hovudet. Pulja var stor og eg prøvde å sitja framme ned Skjervet og over Ulvikfjellet. Eg hang greit med og måtte tvinga meg til å smila litt innimellom (då vert det lettare å sykla). Plutselig var me framme ved Hardangerbrua og me kom oss trygt forbi ein gjeng med japanske turistar. Eg trur det var der feltet byrja å sprekka opp. Då me kom til bakken, vart det litt rykk og napp, før me var rundt 10 som låg saman oppover. Eg kjende meg ganske bra, og eg måtte jo henga med, sjølv om det vart bratt og hardt...! Eg vart litt bekymra for hydreringsstatus, for under mine lag med ull, drakt, tempest og regnjakke var det ikkje masse pusterom! Heldigvis var det ikkje berre eg som måtte ha vatn på matstasjonen ca. 10 km opp Måbødalen og etterpå vart stigningen slakare. Det var då vinden kom, men me såg faktisk både sol og blå himmel også. I jevn dur oppover prøvde eg meg litt på viftekøyring (på veeldig lågt nivå...). Veret tok seg opp igjen mot toppen og me var nesten dei samme ti samla. Etterkvart vart det litt rullekøyring, som for min del var ganske hard, kombinert med at det ikkje var heilt jevn køyring og ein del vind. Då det var ca. 40-35 km til mål måtte eg sleppa, og det var godt. Det er lite pausar inn mot Geilo når ein sykler åleine, og eg tråkka det eg kunne. Eg vart tatt igjen av ein syklist like rundt Ustaoset og ein ca. 3 km før mål, men det var heilt greit. Eg koste meg og var nøgd med å fullføra, henga med lenge, ikkje ha vore kald, ikkje for varm, ha kost meg og ikkje minst - sett den største regnbogen i mitt liv over Geilo. Fint ritt, voner eg får delta eit år med strålande solskin!
 
 
Bjarte skriv:

Bjarte prøver så godt det går å halda seg så tørr som
mulig før start.
Foto: T. Guldbrandsen
Kjørte i dag, lørdag, Voss-Geilo, meldte meg på fredagskvelden, tenkte eg heller ville køyre Voss-Geilo som eit godt treningsløp, enn å ligge heima å køyre langtur i samme dårlege været. Starten gikk som vanleg ved Voss ungdomsskole i eit skikkelig regnvær som som holdt det gåande til me nærma oss Eidfjord, då begynte det å lette litt. Når me begynte på stigningene bestemte eg meg for å halde eit jamnt tempo, ikkje noko rykking. Vart liggende ilag med ein anna vossing Tor Ivar Seim,der me kjørte ilag til me nærma oss Dyranut i kraftig motvind. Han måtte sleppe der,så da blei eg liggande åleine over Hardangervidda,vart veldig tungt, men henta ein ved Ustaoset så fikk litt hjelp da inn til mål. Vart til slutt nr 5 totalt.Var ok fornøyd. Eit fint løp som oppkjøring til Birken som er eit stort mål i år. Sindre kjørte eit kanonløp i drittværet der han vant i lag med ein annan, gratulerer til han.
 
 
Sondre:
Sondre i Skjervet.
Foto: T. Guldbrandsen
Såg på værmeldinga at da var melt eit forferdeleg drittvær, so eg kvidde meg eigentleg, men med vart eg. Det gjekk allereie litt skeis frå starten av, det å tima dopausar er ikkje mi sterke sia, og her gjekk da gale igjen. Eg stod igjen å pisste viss felte for. Ein litt brutal start, men henta fletet med Palmafossen. I oppoverbakkane hadde me eit greitt tempo, men på flatane gjekk da veldig rolig. So når me kom til Ulvik ville eg gjera noko med detta og gjekk fram og tok ein lang føring. Når eg svinga ut og ville ha nåken andre til å dra, var det ingen som kom. Eg snudde meg og såg ein anpusten kar, eg spørte kor e dei andre blitt av? Han skreik at «no kjøre me, me må oppretholda luko»!! Jaja tengte eg, da gjekk no seint der bak, so kanskje me kan få ei godt forsprang. Når me kom til den gamle ferjekaien på Bruravik kjem da ei god kneika der me kunne sjå feltet bak oss. Då var eg egetlig klar for å sleppa meg ned, sio eg kjente at detta tok veldig unødvendig med krefter, men han karen var veldig ivrig på å prøva litt til. So som den kløpperen eg er taktisk heiv eg meg med vidare og trødde enno felare. På Hardangerbrua kunne me sjå at luko hadde blitt mykje større og me lagg ein slagplan om å trø enno felare. Me holt eit forrykande tempo inn mot Måbudalen. Kor stor luka var når me begynte stigninga til Hardangerviddo har eg ikkje peiling på, men sikkert maaage minutta. Det tok ikkje lang tid før klatrebeina mine hadde fått nok og eg måtte sleppa min bruddkamerat. Då sykla eg i mitt eige tempo og håpa at Hirthen og co skulle ta meg igjen langt oppe i bakken, men da gjekk jo ikkje. Nett som i Tour de France hadde også ekstremværet slått til her og dratt med seg eit ras ut i vegbanen, her vare det bare og snu og på eit augonblikk var forspranget vekk. Litt sjokkert og sleten såg eg no litt mørkt på turen vidare. Forspranget var vekk, 1 time i brudd forgjeves, eg var enno ikkje halvvegs til Geilo, det var vel 1000 høgdemeter igjen til Dyranut, beina var blytunge og sjeldan har eg vel sakna eit lettare gir på raceren. Men men eg krangla meg opp til Maurset, men no var eg helt aleina, ingen å sjå verken framom eller bak. Då eg kom til Sysendammen merka eg at vinden begynte og auka og vidare opp mot Dyranut var det stiv kuling rett i mot, so her stod eg omtrent helt stille. Derfor var da ei stor glea då pulje 2 tok meg igjen nåken km før Dyranut, so no kunne eg gøyme meg litt for den kraftige sidevinden. Sjølv om vinden var brutal var været var mykje betre enn forventa, det var glimt av sol og tør asfalt, eg som var forberedt på å vera våt og kald heile vegen hadde med meg alt for lite drikka og gjekk tom på Dyranut. Så med Haugastøl slo krampe og svimmelhet inn, her måtte eg bryta alle sosiale hemninga og skrika ut om nåken hadde litt drikka til meg. Heldigvis var da ein som var villig til å gje meg ein slurk. Dermed greidde eg å holda krampen i sjakk og kom inn med feltet heilt utmatta, tom og sleten. Ein brutal tur takka væra stålande taktikk, men ein helt nydeleg gjennomkøyring til Birken.
 
 
Tor Ivar: 
Tor Ivar i fint driv opp frå Granvin.
Foto: T. Guldbrandsen
I år hadde eg bestemt meg for å starte i gruppe 1, då det gjekk greit i gruppe 2 i fjor. Det var derfor dumt at det berre var rundt 15 stk som valgte å starte i gruppe 1, medan gruppe 2 var ein del større. Rett før start var eg derfor usikker på kva gruppe eg skulle velge, men det blei gruppe 1. Planen for rittet var å sjå kor lenge eg klarte å henge med i gruppa, forhåpentligvis til Måbødalen. Fram til Skjervet blei det ikkje satt noko rulle og det var derfor berre ein som satt og køyrte foran. Ned Skjervet blei gruppa splitta og eg havna bak noko som gjorde at eg og 5 andre måtte jage resten fram til starten av Ulviksfjellet. Opp mot høgde gjekk det roleg som gjorde at eg fekk henta meg litt inn igjen. Var litt plaga med dogg på brillene i stigninga. Etter me passerte Ulvik havna Tysseland i brudd med ein annan kar. Dermed satt eg meg berre bakerst og sparte krefter fram mot Eidfjord. Oppover Måbødalen blei gruppa delt i fleire deler, der eg satt med ein frå Askøy og Bjarte. Når me svinga av frå hovudvegen og inn på sykkelstien kom plutseleg Tysseland med politieskorte nedover. Det viste seg at det hadde gått ras lenger oppe. Dermed blei det heller tunnelen. Eg var litt treig i oppfattelsen og havna bakerst i gruppe 1. Etterkvart klarte eg å jobbe meg opp igjen til Bjarte og han frå Askøy. Me satt saman i fyrste tunnelen men eg måtte sleppe dei i den neste. Rett før Vøringsfossen tok eg igjen Bjarte og me heldt sammen oppover mot Dyranut. Rundt 2 km før Dyranut måtte eg sleppe Bjarte og såg han ikkje igjen før mål. Dermed satt eg åleine frå Dyranut til Haugastøl, før eg blei tatt igjen av fyrste del av gruppe 2 som var rundt 10 mann. Hang greit på desse til mål. Alt i alt fornøgd med at eg satt med dei beste fram til Eidfjord, men veldig skuffande å bli tatt igjen av gruppe 2 som gjorde at eg raste ned mange plasseringar.


Frå dagens raskaste mann har me fått denne rapporten:
Sindre godt nøgd etter målgang.
Foto: Bendik Horvei
Voss- Geilo stod for tur og været likna veldig på det som var i fjor, grått og trist. Klokko 10 gjekk startskote for gruppe 1 med 4 Vossevangara på start. Totalt i gruppe 1 var me ikkje meir enn 20 ryttara og etter ein 10 minuttars sykling virka det som 15 av desse berre var intrisert i å sitta på hjul. Null samarbeid opp til Dalsleite, etter Dalsleite vart det rulling i 3 minutt før halve feltet satt seg bak igjen. Kjente eg vart litt irritert, so når me kom til Skjervet satt eg fart nedover. Vart stor strekk i feltet og i botnen av Skjervet hadde eg fått luka til alle utenom fartsfantomet Sondre Tysseland. Han kom so fort att han kunne ha belaga seg på ei saftig bot om lensmannen hadde stått med laser kontroll i botn. Feltet samla seg inn til Ulvikahøgde, og da gjekk veldig kontrollert opp til toppen. Når me kom til Ulvik var da fortsatt lite samarbeidsvilje i gruppo. Da endte med att Tysseland som da såg ut som skulle ta ein føring, plutselig hadde fått 200 meters avstand til resten av feltet. Såg dei 2 frå Fana snakka i lag og rett ittepå gjekk ein av dei etter Sondre. Gruppo bak bestod no av 8 ryttara, deriblant 3 VCK'ara og ein frå Fana som ikkje var itrisert i å hjelpa resten på å henta att dei 2 i tet. Dette endte med att avstanden til dei 2 i front auka jamnt og trutt heile vegen inn til Eidfjord. Eg hadde såtte mykje bak og spart krefte og hadde bestemt meg for å rykka med ein gong bakken byrja, for å prøva å henta att dei 2 i front. Eg trakka til i botnen av bakken og fekk med meg Andreas Hosøy frå Fana og ein ryttar til frå Bergen. Me svingte av på gamlevegen utenom tunnelen men ikkje meir enn 400 meter opp i bakken ser eg Sondre etterfulgt av ein politimotorsykkel er på veg nedøve. Tenkte fyst att no har Sondre våre litt fø hard på gassen igjen, men det viste seg att det hadde gått eit ras på vegen so gjorde att me ikkje kom forbi. Motorsyklisten ropte att det hadde gått ras og att me måtte ta tunnelen opp. Me snudde og begynnte på stigningen opp mot Vøringsfossen. Eg og Andreas Hosøy satte eit høgt tempo og fekk raskt ei luka som me auka heile vegen opp til Dyranut i motvind.. Frå Dyranut fekk me mykje sidevind og sidemedvind. Eg følte meg veldig bra og merka att eg hadde ein del meir fart i føringane mine enn Hosøy. Trur han og merka da so etter 12 mil spør han meg og me ska samarbeida og køyra ilag inn utan noko støyting mot slutten. På detta tidspunktet visste eg ikkje kor mykje me leda med eller kor mange dei var som jaga bak, so litt motvillig godtok eg forslaget hans. Angrar litt no i ettertid på da, for eg er ganske sikker på att eg kunne ha rista han av meg mot slutten. Me rulla til slutt inn til Geilo på tida 4:57. Godt fornøyd med eigen form og det vart eit morro ritt sjølv om veret ikkje var på vår sida i år heller.


Sjå alle bildene til Tom Guldbrandsen her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar