Sondre Tysseland viste storform og kom inn på den sterke tida 2:53 tross motvind og regn over fjellet til Lillehammer. Bjarte Vethe kom inn på 3 timer og 26 sekunder som holdt til ein sterk 8. plass i klassen. Geir Karlsen sykla på 3:08, Thomas Vethe sykla Birkebeinerrittet for første gang, og kom inn på 3:15 og 9. plass i klassen sjølv om han ikkje har fått trent som han skulle i sommar på grunn av skade. Anton Hanevik kom i mål på 4:19.
Me har fått inn følgande rapport frå Bjarte og Thomas:
Her etter målgang på Grenserittet 2018 Foto: Siren Vethe |
Me har fått inn følgjande rapport frå Sondre:
Birken
Planen med å bryta seg sikkelig ner på Voss - Geilo funka veldig bra. Formen og tråkket har aldrig våre betre på sykkelen før. Eg starta i pulje 2 og var spent på kor god denna puljo var. I starten var det liten tvil om at spenninga i puljo var høg der det var fleire som gjekk i bakken. Opp til Skramsta gjekk det fort, men eg hang med teten. Igjennom det tekniske partiet etter Djuposet delte gruppa seg, men eg sykla dei inn igjen og hang forsatt på teten. Ca halvegs sleit eg med stive lår og prøvde å bruka leggane meir, men fekk det ikkje til. Derfor bestemte eg meg for å stoppa å ta sete litt opp. Med litt høgare sete og lettare bein tok eg raskt igjen teten. Rosinbakken sto for tur og no begynte kreftene å ta slutt. Eg putta i meg ein koffingel å trødde da eg makta opp bakken. Når me kom på toppen hang eg utrulig nok fortsatt på teten. Her ifrå og inn var det tongt, men greide so og sei og henga på teten heil inn til mål. Veldig fornøyd med å komma inn under 3 tima og kjekt å kjenna at kroppen speler på lag
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar