Denne helga var det sesongstart med to landevegsritt i Bergen for dei opp til 21 år. Laurdag var det Stend gateritt og sundag var det Rådalen rundt, begge dagar med strålande vær. For Vossevangen CK stilte Ola Blikberg Herheim til start i M13-14. Han sykla godt på gaterittet laurdagen og tok ein 4. plass, trass i at han var uheldig då han mista kjedet to gonger og fekk ein velt i ein motbakke. Dagen etter unngjekk han uhell
og klarte ein pallplass. Det var særs god stemning begge dagar, og bergensarane ynskte fleire vossingar til start til neste tevling. Sjå resultat her:
Stend gateritt og
Rådalen rundt.
Ola har sendt inn fylgjande kommentarar til ritta:
Stend: Veldig kjekt ritt. Kjekk nedkøyring og så ein bakke oppatt. Var uheldig på fyrste runden, mista kjeo. Etter nokre rundar klarde eg å ligga rett bak 3. plassen. Etter at eg sykla forbi, så datt eg. Bakhjulet sklei på grusen. Endte opp på 4. plass.
Rådalen: Samla tetgruppa på 5 stk, tre frå Fana, ein frå Åsane og meg. Fana sendte ein og ein mann fram og let oss andre dra. Eg hang på inn til mål, men spurta alt for tidleg og vart køyrd i frå 200 meter frå mål og endte på ein 3. plass.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar