mandag 24. mai 2021

Fana 3-dagers: Siger til Kristin og debut for Skage

Denne langhelga gjekk Fana 3-dagers av stabelen. Laurdagen var det Lønningenrittet, sundag var det Lonevågrunden samt ein tempo og måndagen var det Osterøy fellesstart. For Vossevangen CK stilte Kristin Eidsheim Sønnesyn i kvinner senior på laurdagen og måndagen, medan Skage Ringheim-Helgaset debuterte i G14 med dei to ritta på sundagen. Kristin viser storform og vann begge ritta ho stilte i! Og med sigeren i dag vart ho også regionsmeister! Skage hang fint med lenge og fekk med seg to fine fjerdeplassar. Sjå resultat her: Lønningenrittet, Lonevågrunden, Lonevågen tempo og Osterøy fellesstart. Sjå bileta og les Kristin og Skage sine rittrapportar under.

Kristin sine rittrapportar:
Kort versjon av Fana 3-dagers grunna vakthelg. Eg hadde nattevakt natt til lørdag, men det var heldigvis sein start på Lønningrittet. Det var som at sommaren hadde kome timen før start, men medan me venta på startskotet opna himmelen seg. Lønningrittet er ei rundløype med brå svingar og ein seig bakke. Det vart fullt køyr frå start og vatn overalt. Det sprakk opp allereie første runden. Eg sat som einaste dame i gruppe 1. Eg falt av i dei tøffeste fartaukingane, men klarte å henta inn dei spreke gutane kvar runde. I siste runde og siste sving la eg meg litt bak for å unngå uhell, men eg kom inn som første dame. Kjekt å sykla ritt igjen! 

Dag 2 for meg var mandagen - Osterøy felles. Det rittet har eg ikkje sykla før. Damene starta igjen med G15-16. Løypa går stort sett nedover første del, så litt flatt /kupert og til slutt, etter nokre kneikar, ein lang bakke til mål. 4 rundar - køyr! Eg hang med gruppe 1 til dei køyrde hardt i den første bakken, men kom meg opp igjen på flaten, før dei igjen køyrde på opp neste kneik. Eg vart liggande midt mellom to som falt av fra gruppe 1 og ei gruppe bak meg, kor Emelie Utvik satt. Eg sykla bakkane nedover åleine, og eit stykke på flaten, før eg såg at dei tok innpå meg. Så då roa eg ned og hang med på. Dei neste rundane var ganske rutineprega. Den samme Åsane-rytteren tok føringa i dei lange nedoverbakkane, ellers rulla me, 5 i lag. På runde 3 køyrde Emelie hardt opp den lange, siste bakken. Eg skulle henga på. Den siste runden vart det støyting - først frå Emelie, etterkvart frå meg. Dei andre vart ikkje så viktige lenger. Eg sykla med henne på hjul oppover den siste bakken. Eit lite stykke frå mål auka eg farten. Og eg trilla først over målstreken!

Skage sin rapport:
Det var kjekt å sykla ritt, eg gledar meg til å prøva igjen når eg har fått sykla litt meir. 🙂 Eg er nøgd med innsatsen.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar