torsdag 21. april 2022

Fellestreningar våren 2022

Det er strålande vær om dagen og det er på tide å erklæra sykkelsesongen for offisielt opna. Me har to fellestreningar i veka, tysdagar og torsdagar, med oppmøte kl. 18 på Amfi. Oppstart vert i dag 21. april! Nytt av året er at me samkøyrer meir med Voss SK. Begge klubbane møtes på Amfi kl. 18, og vonaleg vert me så mange på treningane at me kan dela oss inn i grupper etter kva fart ein ynskjer å halda. Alle er velkomne, både nye og gamle medlemmer! Spre bodskapen og vel møtt!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar