lørdag 11. juni 2022

Bergsdalen opp: Kanondag for VCK

I dag gjekk Bergsdalen opp av stabelen, ei motbakketevling der rittet starta 11:30, løpet 11:40 og rulleski rennet 11:50. Vossevangen CK fekk alle sine inn topp ni. Den som imponerte mest var 14 år gamle Ola Blikberg Herheim med ein 3. plass og tida 14:19, kun slått av proffryttar Ådne Holter frå Uno-X og Andreas Hosøy frå Fana SK. Thomas Vethe har starta oppkøyringa etter langvarig koronasjukdom og fekk ein fin-fin 6. plass med tida 14:46. Johan Berge Børsheim viste at sykkelbeina er i meget fin anmarsj då han knekte Rune Herheim siste minuttane inn mot mål og vann klubbduellen om 8. plassen og fekk tida 15:25. Trass i litt regn og ruskete forhold viste Bergsdalen opp seg nok ei gong som eit flott arrangement med ein artig og trygg trase stengt for all trafikk, og som ein del av Daledagane vert det god stemning og mykje folk. Her kan du finna resultatlista.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar