mandag 29. mai 2023
Ola og Kristin med solid sykling i Fana 3-dagers
Ola Blikberg Herheim og Kristin Eidsheim Sønnesyn sykla denne helga Fana 3-dagers. Ola bytte ut terrengsykkelen og fekk brynt seg mot dei sterkaste 15-16 åringane på landevegen. Han sat med inn frontgruppa på gaterittet laurdag og fellesstartrittet sundag. På tempoen sundag ettermiddag var han 50 sekund bak vinnar. I dag var det kongeetappen, Osterøy fellesstart, med 330 høydemeter per runde på 12,7 km, i regn og 4-5 grader. Dette passa Ola godt, og han sat med inn i gruppa som kjempa om 4. plass. Det vart 8. plass til slutt i dag og med det sykla han seg opp til ein 7. plass i samandraget. Dagens ritt var også regionsmeisterskap, og der vart det 2. plass. Kristin vart diverre felt og gjekk i asfalten på fyrste rittet laurdagen. Sundagen måtte ho henta seg inn, men i dag var ho klar for start att. Det endte med spurt om siger i kvinner senior, der ho til slutt vart nr. 2, berre to sekund bak vinnaren. Med den prestasjonen vart Kristin også regionsmeister! Meget solid sykling av både Kristin og Ola.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar