onsdag 10. april 2024

Sesongstart med sju ritt på ni dagar

Ola Blikberg Herheim frå Vossevangen CK starta rittsesongen med sju ritt på ni dagar. Fyrst var det Tre Dage i Nord i Danmark siste tre dagane av påsken. Ritta var prega av flate trasear med mykje sidevind og store startfelt, med andre ord mykje nytt for Ola. Han viste likevel lovande takter, sykla godt i felt og klarte å ligga mykje framme. Då unngjekk han å hamna bak splittar og hadde fått gode plasseringar alle tre dagane hadde det ikkje

vore for ein liten velt fyrste dagen og eit kjede som kilte seg tredje dagen. Beste plasseringa vart difor på dag 2 med ein 25. plass.

Så bar vegen vidare til Tyskland der han fekk vera med på Region Vest sitt lag saman med to frå Fana Sykkel og tre frå Stavanger SK på UCI etapperittet Cottbuser Internationale Junioren-Etappenfahrt 5.-7. April. Her fekk dei smaka på internasjonalt topp juniornivå, mot landsaga til Polen, Estland og Bulgaria, samt sterke lag frå Tyskland, Danmark, Tsjekkia, Sverige. Det var 120 ryttarar, to fellesstartar, ein tempo og eit gateritt. Ola heva seg ytterlegare fleire hakk og på same vis som i Danmark viste han seg som køyresterk og overraskande god i posisjonskampen om å ligga langt framme i feltet. På begge fellesstartane kom han avgårde i brot, men eit sterkt polsk landslag med ein veldig god spurtar sykla hardt for å køyra inn brota. Snittfart på 46 km/t på både 77 og 110 km fellesstart seier litt.

På tempoen debuterte Ola med ny sykkel og lånt hjelm. Flat løypa og solid vind var ikkje gunstig for han, og det vart mykje vingling og for høgt hovud. Køyrestyrken er derimot stor og med ein snittfart på 47 km/t på 10 km tempo med vending kom han i mål berre 56 sekund bak vinnaren. Les Ola sin rapport og sjå videoar og bilete under:

Ola sin rapport:
Siste helga i påsken gjekk rittet «Tre Dage i Nord». Eg tok danskebåten frå Bergen til Hirtshals saman med resten av Region Vest. Det var fleire store velt på kvar etappe, men eg kom meg unna alle. På fyrste etappe, satt eg med i feltet ganske lenge, men det var fyrste rittet eg sykla i år så eg fekk ganske ilt i ryggen, eg kom på ein 46 plass av 82. Den beste etappen for meg var andre etappe. Eg satt med i feltet heile dagen og var med i fleire brotforsøk, men diverre ikkje det som gjekk inn, men i spurten i hovudfeltet kom eg ganske langt fram og kom på 25 plass totalt, 8 ende beste 07-ar. Siste etappen kjente eg meg bra, men teknisk trøbbel gjorde at eg datt av feltet og vart syklande med et senior felt til mål.

Helga etter, gjekk «Cottbuser Junior Tour». Eg vart teken ut til å sykla rittet for Region Vest laget saman med to frå Bergen og tre frå Stavanger. Her var det 120 ryttarar med fordelt mellom 07 og 06-kullet. Fyrste etappe satt eg framme i feltet nesten heile dagen og var med på det meste av brotforsøk, men landslaget til Polen var sterke og hadde god kontroll på brot. Sidan eg ikkje klarte å i brot, køyrde eg opptrekk for spurtaren vår Filip. Eg brukte det eg hadde igjen av krefter til å få han så langt fram så mogleg. Med 300 meter igjen satt han i 5 posisjon, men ein velt i 4 posisjon øydelagte for oss. Tempoen neste morgon var paddeflat i sidevind og eg fekk låna tempohjelmen til Filip, sidan han låg på sjukehuset. Eg vingla mykje fram og tilbake og køyrde dårleg vending, men var likevel berre 56 sekund bak vinnaren, ein stor danske. Gaterittet seinare på dagen, gjekk dårleg. Eg hadde elendige bein, men fekk god trening likevel. Fellestarten siste dagen var beine gode att. Det var støtecup heile dagen og snittfarten blei nesten 46 km/t. Eg gjekk etter alle angrepa som eg kunne og to gonger fekk eg god luka, saman med to andre. Me heldt unna ganske lenge, men når feltet tok oss igjen, gjekk nokon andre på laget kontra. Som fyrste dag, hadde Polakkane kontroll og sørgja for massespurt igjen. Det vart også stor velt denne gongen og, men eg kom meg trygt i mål.














Gjengen som sykla Tre Dage i Nord i Danmark


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar