søndag 28. april 2024

Rådalen rundt: To sigrar og to velt

I overraskande flott vær gjekk Rådalen rundt av stabelen i dag føremiddag. Fana IL sykkel viste seg nok ei gong som fram som røynd arrangør. Vossevangen CK stilte med heile seks ryttarar! Kvassaste resultat fekk Kristin Eidsheim Sønnesyn med siger i senior kvinner og Filip Eidsheim med siger i M30-34. Kristin sykla med M15-16 og hang godt med heilt inn, medan Filip sat med inn med frontgruppa av det som i utgangspunktet var eit stort herrefelt med junior, senior og master samla. Ola Blikberg Herheim sat også med i frontgruppa til niande og nest siste runde, men fekk seg då ein liten tur i asfalten og kom i mål minuttet bak. Thomas Vethe og Marius Flatebø fekk kjenna på vegarbeid og tunellstenging, men rakk akkurat fram til start. Kaldstart er ikkje tilrådd på slike ritt med fullt trøkk frå start, men dei samla seg i ei fin gruppa saman med vår sjette mann på start, Olav Handegard. Dette gjekk bra heilt til Marius også måtte testa asfaltkvaliteten i Bergen. Då rakna gruppa, men alle tre kriga godt og fullførte rittet. Sjå resultat her, og bilete og videoar under.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar