mandag 19. august 2024

Vossevangen CK klinkar til på alle frontar!

Det har vore ei hendingsrik periode for fleire av våre medlemmar siste tida. Den 11. august starta Kristin Eidsheim Sønnesyn på det som må vera den største utfordringa ho har teke på seg på sykkelsetet. Mother North, med 1000 km og 16 000 høgdemeter på grus, gras, sti og asfalt, hadde fått dei fleste til å tenkja at sofaen freistar meir. Ikkje Kristin, og ho var suverent raskaste kvinne og faktisk berre to menn før ho i mål! Den 13. august sykla Håkon Skjoldli inn til ein sterk 3. plass på Munkebotn opp i M13-14. Håkon kjem nærmare og nærmare dei beste i sin klasse. Ola Blikberg Herheim fekk sin debut i landslangsdrakt då han vart teken ut til å sykla Nations Cup i Ungarn 14.-15. august. Ola viste køyrestyrke og bidrog godt til at Noreg vart nr. 2 i lagtevlinga og fekk 2. og 5. plass på fellesstartetappane i tevling på det høgste nivået i internasjonal juniorsykling. Laurdag 17. august deltok Eirik Finne, Marius Flatabø, Felix Sieling og Olav Midtun i Aurlandsfjellet Extreme Triathlon. Dei imponerte alle, og Erik vart nr. 6, Marius nr. 10, Felix nr. 22 og Olav nr. 66. Same dag sykla Bjarte Vethe inn til ein sterk andreplass i M55-59 på Grenserittet. Sjå bilete under og les rapportane. Denne gongen oppmodar eg spesielt til å lesa Kristin sin rapport, den er sterk:

Preben Ukvitne var med som arrangør i Aurland triatlon og rapporterer om kjempeinnsats:
Det var svært tøffe forhold i år. Symjeetappen var beste delen heilt klart, med stille fjord og god temp til å vera Aurland, 15 grader om lag. På fjellet var det 4-5 grader, tildels kraftige regnbyger og opp til 13m/s vindkast. Mange var iskalde etter nedkjøyringane. Opp Aurlandsdalen var det noko fuktig også. Gratulerar med innsats og resultat!

Håkon sin kommentar etter Munkebotn opp:
Munkebotn opp 2024, Turen gjekk til Sandviken i Bergen. Fekk sykkla gjennom ei svært bratt løype me ganske god og gjevn stigning heile vegen før eg skulle starta. Varma godt opp før start på rullo, Før eg trilla til start. Ritte gjekk greit, men litt surt med 1 sek bak 2 plass, men fekk ein 3 plass som eg seier meg fornøgd me. Alt i alt eit veldig morro ritt.

Kristin sin rapport:
Av og til trenger jeg en ny utfordring. Og jeg hadde blitt fristet til å prøve ultra. I tillegg var det et nytt ritt i Norge - Mother North - 1010 km, 16000 hm. Konseptet - «unsupported» sykkeltur, altså kan man ikke få hjelp, ikke sove hos venner, man må fikse alle problem selv, kun sove på offentlig tilgjengelige steder. Underlag: Fin/grov grus, sti, gress (!), asfalt, kun gangbar sti. Terreng: Mye høyfjell, mange fjell, ganske øde. Ruta i korte trekk: Start på Lillehammer via Sjusjøen opp mot Rondane. Gjennom Grimsdalen til Dovre. Videre til Vinstra, Bygdin, Beitostølen, Slettafjell, Hemsedal, Borgund, Lærdal, Aurland, Flåm, Myrdal, Finse, Gol, Ål, Golsfjellet, Fagernes og Lillehammer. Jeg var med for å prøve ultra - sykle hele natten, takle utfordringer selv, spise hele tiden. Og å sykle nye, fine steder. Det fikk jeg. Jeg fikk alt - fantastiske naturopplevelser; nordlys, soloppganger, solnedganger, nydelig landskap, elg og rev. Fysiske utfordringer; lengre enn lang langkjøring, tusenvis av høydemeter, å sykle over lengre tid enn jeg noen gang har gjort - uten å ligge på hjul. Fysisk sett gikk det ganske bra. Visste jeg kom til å få hovne knær og litt smerter der. Forventet litt smerter i føttene, men det gikk ganske fra. Klarte ikke alltid å tråkke slik at det gikk så fort, men hvis jeg syklet sammen med noen (ikke lov å ligge på hjul) gikk det fortere, sikkert på grunn av det mentale. Det var akkurat som at jeg husket at jeg kunne tråkke igjen. Fikk selvfølgelig smerter i baken. Uventede problem var rar hoste, sår hals etter døgnkontinuerlig spising av snop og brus og alt. Utrolig takknemlig for tempobøylen, hadde ikke overlevd 1000 km uten! Hadde hovne hender og håndledd etterpå. Sykleutfordringer; tekniske nedkjøringer (det liker jeg), stier (stort sett veldig gøy, noen av stiene var de beste i livet!), unngå sau/ku/geit. Kjørte tubeless, hadde ingen punkteringer. Hadde godt med lys om natta.

Det var faktisk deilig å sykle på natta, ikke trafikk. Tror ikke jeg har syklet så fort ned Aurlandsfjellet før (men hadde turens eneste lille tekniske uhell midt i nedkjøringen). Psykisk; var så lykkelig! Det var jo fantastisk å være gang med noe jeg har tenkt på og forberedt så lenge - og i sol! Var uendelig trøtt, har nesten sovnet på sykkelen. Hadde ganske bra vær. Hadde syklet raskere hvis det ikke hadde vært ekstremt heftig motvind nesten hele den første dagen og opp Rallarvegen mot Finse. Og motvinden gjorde meg også mentalt sliten - det gikk jo så sakte framover. Måtte grine og klage på telefonen til Filip flere ganger. Måtte ta gode beslutninger om påkledning og være så snill med meg selv som mulig.

Jeg sov litt under 7 timer fordelt på to økter, 5 timer i Lærdal etter 613 km sykling på 1,5 døgn (skulle sove 4, men var så trøtt at jeg skrudde på feil alarm) og litt under 2 timer på Golsfjellet natt 3. Hvilte noen minutter her og der. Hadde behov for å lukke øynene og ikke bruke alle sansene hele tiden. 

Totalt sett: Veldig god opplevelse (etter å ha sovet og hvilt noen dager). Det føles som en opplevelse som ikke kan forstås hvis man ikke har gjort det selv. Alle kilometerne, uansett hvor knotete eller bratte de var, skulle sykles (eller gås). Og jeg måtte konsentrere meg så og si hele tiden - man skulle alltid spise, drikke, følge med på ruta, kle av eller på seg, planlegge stopp eller soving og jobbe på. Ganske stolt over at jeg kom meg gjennom på en god måte. Hadde ikke mål om å kjøre konkurranse - jeg gjorde dette for meg selv. Derfor var det jo stas å faktisk ende på pallen! I siste innspurt virket det som at det var en spurt om 2. plassen. Spurt er et overvurdert begrep når man har syklet over 1000 km. Og Øystein, som kom på 2. plass, syklet fortere enn meg. Jeg er fornøyd med både forberedelsene og gjennomføringen. Nå restitueres det fremdeles.

Felix sin rapport:
Symjinga er i grunn min svakaste disiplin, men det gjekk over all forventing. Frå fyrste stund kjente eg at "her flyt eg bra", samstundes som eg følte at eg var åleine heilt bakst i gruppa. Eg valte å fokusera på teknikken, lange drag, strekkja seg og dra armen heilt gjennom. Overraskinga var stor når eg då kom ut av vatnet som nummer 31. T1 tok eg meg litt for god tid til ser eg i etterkant. Eg var svimmel og ville sikra meg å ha med rett utstyr over fjellet. Litt for mange vurderingar å ta rett og slett, men satsa på at det skulle vera verdt det over fjellet. Å ta på oversko tok t.d. ein del tid.

På veg opp til Aurlandsfjellet hadde eg bestemt meg for å ligga rundt 250 watt heile vegen, der toppen skulle vera meir prega av terreng og vind. Dette funka bra, og tok igjen ein god del folk her. Det blåste veldig kraftig oppe, og nokre vindkast frå sida overraska fleire gongar. Jakke valte eg å ikkje ta på for å spara tid, men dette viste seg å vera ein stor tabbe. Eg har aldri vore så kald i mitt liv, på veg ned til Erdal. Det skjelva i heile kroppen og kjevene var nesten krampete av kulda. Eg var sikker på at pulsbeltet hadde stryka med då pulsen berre låg på 156 oppover att, men det fascinerande var at den kom seg når eg fekk varmen i meg att… Det verka som om dette satt spor i kroppen likevel, for pulsen og krafta samsvarte ikkje som dei burde. Det var kaldt ned att til Aurland og, men mykje betre ettersom eg denne gongen tok på meg jakke… 

Bytte til løping gjekk raskt og bra, og etter at høgre quadricepsen vart vant til løpinga begynte eg å flyta greitt her også. Det var vått og til tider teknisk sti; ein plass der eg trivst. Spesielt på nedoverpartia tok eg igjen ein del folk. Alt i alt ei veldig kjekk oppleving, og verkeleg ei utfordring. Ein forstår kvifor dette vert stempla som ein "ekstrem triatlon", spesielt i dei forholda som var.

Marius sin rapport:
Løpe starta med ein kjekk men utfordrande svømme etappe i fjorden. Det var masse armar og bein uti der men med ein fin rytme, gjekk det fort øve! So begynte me på godsakene med sykkel etappen! Der var det om å gjera å ta igjen so mange som mogleg. Det gjekk etter planen men etter vending var det ikkje mange ryggar att foran so då vart ein køyrande lenge åleina og jobba i motvind øve fjellplatået. Frå Aurland til Vassbygdi gjekk da i å grua seg til løpetappen opp til Østerbø. Løpsetappen var i gang og eg følte frå fysta steget at dei bak meg kom nærmare og nærmare so det vart ein tøff kamp mot dei, men måtte kjempa hardast mot meg sjølv. Ette eit slit og to tapte posisjonar blei da eit emosjonelt møte med pappa i mål, då eg hadde fullført noko av da tøffaste eg har vore med på!!  

Tar med meg ein kjekk utfordring og kjekke minne. Og ikkje minst kjekt å stilla i lag med andre Vossevangen løparar. Det skapar glede og eg ser ei lys framtid for klubben når ein klarer å delta fleire og fleire på slike konkurransar!!









1 kommentar: