onsdag 11. september 2024

Yvonne, Thomas og Ola tevla opp eit nivå i helga

I helga som var sykla Yvonne Berge Børsheim Noregskøpp i Grenland. Ho syklar eigentleg i K15-16, men meldte seg denne ritthelga opp i juniorklassen. Det var to tempo-etappar laurdagen og fellestart sundagen. Yvonne imponerte med tre fjerdeplassar. På tempoen var ho berre 14 sekund bak andreplassen og på bakketempoen var ho berre sju sekund bak andreplassen. På fellesstarten var ho lenge sterk og ho og ei til fekk luka til dei andre i bakken, men dei vart henta. På femte og siste runden var det litt slutt på kreftene, men dette lovar godt for neste år. Sjå resultat her.

Thomas Vethe prøvde seg på senior Noregskøpp-nivå då han sykla Gylne gutuar sundag. Dette er eit hardt landevegsritt med kupert terreng og mykje grus. Thomas hang med ei god stund og fekk kjenna at dette er eit nivå der han kan vera med å kjempa viss han får trent meir til neste sesong. Les rapporten hans under. Sjå resultat her.

Ola var på samling med juniorlandslaget ei veka i Italia i forkant av eit stort junior etapperitt i Pisa/Toscana-området. Etter ei veldig bra samling vart han diverre sjuk rett før fyrste etappe. Han sleit difor med sjukdom dei fyrste tre etappane, og den siste måtte han stå over då det var mistanke om Covid.

Rapport frå Thomas
Utrulig kjekt å kjøra på da nivået igjen. Hadde ikkje 100% form men kjente at eg hadde noko i felte å gjera, litt uheldig ut på 3 runde, då eg hadde plassert meg langt framme og var klar til bakken starta. Men ette litt knuffing havna eg ut i grøfte. Feltet va sust forbi når eg va komme oppatt i vegen men prøvde å kjøra meg oppatt, såg dei lenge framfø meg, men da gjekk ikkje. Likavell moro å kjøra sykkelritt, motiverande!

Thomas og gode gamle Vidar Mehl
Ola og to andre på det norske laget godt framme



Yvonne opp bakken på fellesstarten



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar