søndag 27. april 2025

Rittsesongen i gang!

Denne helga var rittsesongen i gang for fullt for mange, og Vossevangen CK hadde fleire med på turrittet Fanafjellet rundt laurdag og det aktive rittet Rådalen rundt sundag. Begge ritta er arrangert av Fana IL Sykkel. Laurdagen vart ein stråalande dag, både vær og sykling var bra. Ola Blikberg Herheim med 3. plass totalt og siger i M17-19, Thomas Vethe 4. plass og Marius Flatebø på 10. plass sytte for at me hadde tre menn inne topp ti. Kent Ove Heimdal sykla også fort med ein 33. plass, medan Olav Midttun var noko uheldig og bomma på rundeteljinga: han sykla friskt i mål på toppen av Fanafjellet etter ein runde, men det var diverre to rundar. Han tok det med fatning og tok ein runde til og fullførte med ein finfin 43. plass. Sjå resultat her.

Sundagen var det Rådalen rundt, og Ola tok igjen ein sterk 3. plass totalt og siger i juniorklassen. Marius var også sterk og sat i same brotet som Ola og dei to kontinentalryttarane Stien og Wikander frå det ungarske Epronex-laget. Marius måtte sleppa seg ned etter nokre runder, men tok likevel ein sterk 6. plass totalt. Thomas var diverre uheldig og gjekk i asfalten på andre runden og laut bryta rittet. Filip Eidsheim stilte solidarisk opp i Masters-klassen trass i at han strengt tala høyrer heime i junior/senior-feltet. Han sykla som ei maskin, gjekk tidleg solo, såg seg aldri attende og vann masterklassen aleine med to-tre minutt. Sjå resultat her.

Alt i alt ei veldig positiv ritthelg for Vossevangen CK.

Ola på veg opp Fanafjellet:

Thomas og Marius på veg opp Fanafjellet:

Ola køyrde hardt sundag også:


Filip i farta

Filip vann Masters totalt

Marius i siget

Ola vann junior og 3. plass totalt

Startfelt sundag


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar