fredag 21. november 2025

Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See

Etter ein sterk sesong som sisteårs junior tek Ola Blikberg Herheim, Vossevangen CK, steget ut i verda neste sesong. Han har signert ei eittårskontrakt med kontinentallaget Team Arbö Kärnten Sport Feld am See frå Austerrike. Det er inga økonomisk gullgruve, men han får høve til å sykla mange ritt på kontinental-nivå. I ei tid der WorldTour-lag vert slått saman og lagt ned, det same på ProTeam-nivå, så var nålauga trongt for å få plass på eit lag neste sesong. Ola er difor særs nøgd med å få denne sjansen og han

onsdag 5. november 2025

Rabattar hjå Vossabadet

Frå i dag skal Vossevangen CK aktive medlemmer få rabattert pris på Vossabadet. Det er 20 % rabatt på årskort og halvårskort. Det gir desse prisane:

Halvårskort vaksen veil: 2300,- VCK pris: 1840,- 
Årskort vaksen veil: 4600,- VCK pris: 3680,- 
Eller triatlon-gruppa abonnement:
350,- / mnd uten binding 

Alle må vise aktivt medlemskap på min idrett på tlf. ved kjøp.