fredag 21. november 2025

Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See

Etter ein sterk sesong som sisteårs junior tek Ola Blikberg Herheim, Vossevangen CK, steget ut i verda neste sesong. Han har signert ei eittårskontrakt med kontinentallaget Team Arbö Kärnten Sport Feld am See frå Austerrike. Det er inga økonomisk gullgruve, men han får høve til å sykla mange ritt på kontinental-nivå. I ei tid der WorldTour-lag vert slått saman og lagt ned, det same på ProTeam-nivå, så var nålauga trongt for å få plass på eit lag neste sesong. Ola er difor særs nøgd med å få denne sjansen og han planlegg framgang både på sykkelsetet og med tyskferdigheitene.

Han skreiv fylgjande kommentar då laget presenterte han på Instragram siste veka:
"I’m really excited to take the step up to the continental level next season! It feels like a big opportunity after my time in the juniors. The team has a great mix of young and experienced riders, and I’m looking forward to learning as much as I can from the more experienced riders. My goal for 2026 is to keep developing, both as a rider and as a person. The race calendar looks super exciting, with plenty of races that should suit me well. I’ll give it everything in every race and do my best to support the team wherever I can. Can’t wait to get started, I’m sure we can achieve great things together and have a lot of fun along the way!"




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar