søndag 3. mai 2026

VCK med på mange frontar i helga!


Denne helga hadde Vossevangen CK mange ryttarar i elden. Ola Blikberg Herheim sykla GP Vorarlberg fredag. Rittet hadde ein hard profil med mange bakkar og samla mange av dei beste conti-laga frå Tyskland, Sveits og Austerrike. Det vart sykla hardt frå start, og til slutt var det to grupper på 30 mann som sykla frå resten. Ola kom inn med gruppe 2 og enda på 45. plass. Sundag sykla han nytt ritt og sat med i eit redusert frontfelt då han køyrde ut i ein sving etter 2,5 timar og laut bryta.

Marius Flatebø sykla Kermiss og Fellesstart under Norgeskøpp-helga på Ottestad. Marius tek stadig steg mot å henga med dei beste i landet og tok med seg heim ein 14. plass på Kermiss-rittet fredagen. Sundagen var det sjølvaste Gylne gutua fellesstart, og Marius klarte å vera med frontgruppa med ein 16. plass i mål, trass i trippel punktering! Sjå Marius sine rittrapportar under.

Her heime tok Thomas, Bjarte, Kent Ove, Nils Asbjørn og Olav turen til Bergen for å sykla Os rundt. Dette var Thomas sitt fyrste ritt etter eit lengre avbrekk, men tok likevel ein fin 11. plass. Det er eit stykke ifrå kapasiteten, men bra at Thomas er i gang att. Av dei fire som er nokre år eldre enn Thomas var det Kent Ove som imponerte mest med ein snas'n 38. plass totalt, berre fem minutt bak vinnarane. Kent gav fylgjande kommentar etter rittet: "Knallhardt! 10/10 Herrejemini så nærme å bli dropped x fleire. On the limit heile rittet🤪🤪 Heldig å komme med i ei sterk gruppe på ca 10 mann". Ei herleg suppa av norsk og engelsk der, men me tek poenget, han laut ta i heile vegen.

Marius sine rittrapportar:
Kermiss løpet var spennande med høg fart på grus og en del sidevind og det var hardt heile vegen! Bruddet fekk gå uten noen frå region vest so det var litt nedtur. Beina var kjørt inn mot spurten så enda vel på 14.plass

Gylne Gutuar var hardt det og, med høg fart. Kroppen var bra heile vegen. Med et par «kjeppar i hjulet» med punktering på runde 2 og dobbel punktering på siste runden blei kreftene brukt litt annleis enn det eg hadde håpt. Fekk god pes av Tamas so kom oppatt begge gongar. Og det var heller ingen brudd som fekk gå skikkelig. Eg var med på et par forsøk men ikkje med særleg suksess. So igjen litt punga bein inn i spurten men to solide økte som definitivt kjem godt med i banken! 16.plass i dag:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar