mandag 1. juni 2026

Marius med to sigrar og Kristin med ein!

Marius i mål
Denne helga sette Vossevangen CK sitt preg på to turritt, Haugesund-Sauda laurdagen og Skjærgårdsrittet sundagen. Marius Flatebø vann like godt begge ritta. Laurdagen vann han suverent saman med ein lokal unggut frå Sauda, med ny løperekord og nesten fem minutt til dei neste ryttarane. Sundagen vann han saman med Filip Smørås og Sander Stien frå Bergen. Thomas Vethe svei av mykje krut på eit tidleg brot laurdagen, men kom inn til ein 12. plass, medan sundagen hamna han høgre på lista med ein 5. plass. Kristin Eidsheim Sønnesyn vann kvinneklassen suverent på Skjærgårdsrittet og tok innersvingen på over 2/3 av herrane på start. Rune Herheim og Kent Ove Heimdal stilte også på Haugesund-Sauda, og Rune fekk med seg heim ein 41. plass og Kent Ove ein 69. plass av dei dryge 200 på start. Nils Asbjørn Lie og Olav Midttun sykla Skjærgårdsrittet sundagen, og Nils tok med seg heim ein 75. plass og Olav ein 90. plass av dei 170 på start. Alt i alt ei framifrå ritthelg for Vossevangen CK. Og les Marius sin rapport under!

Marius sin rapport:
Haugesund-Sauda: Veldig kjekt å stå på start her igjen. Starta dagen med medvind og gode bein. Støtecup fyste 3 mila og kom av gårde litt før me svinga inn mot fjorden til Sauda. Då samla da seg ei sterk gruppa der me jobba utruleg godt i rodlo. Hadde høg fart heile vegen og me kørde jamnt i bakkane. I siste stigningen rykka Dybing ifrå og eg tok hjulet og me samarbeida bra saman inn til mål. Måtte åpna spurten og følte eg trøkka bra til men fekk han snikande opp på sida og enda ei hjullengd bak over målstreken, men godt nøgd læll. 

Skjærgårdsrittet: starta med medvind og gode bein, men tok litt tid men fekk avgarde ei god gruppa og samarbeida bra der òg. So vart gruppa mindre, noko meir støyting og me vart fira mann inn mot mål, der måtte eg sjå meg slått av Sander og Filip i spurten. To ritt med gode bein og hardt kjør heile vegen, så to meget gode økter.

Thomas i mål

Rune i mål

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar