søndag 28. august 2011

Tor Halvor vann (ikkje) UltraBirken!

Tor Halvor Bjørnstad frå Proteinfabrikken/Vossevangen CK vann fredag UltraBirken i utklassingsstil. Eller det vil seia, han vann vist ikkje, trass i at han hadde vunne likevel :). Les siste nytt hjå dn.no og hjå birken.no.

Foto: Reidar Kjæstad/NRK

UltraBirken er eit ekstremt terrengløp på 11 mil, steinete og veldig bratt opp og nesten endå brattare ned. Tor Halvor vann med 27 minutt, trass i ei punktering (som han fiksa med sjokoladepapir!).

Vossevangen CK hadde mange ryttarar i aksjon denne helga på det "vanlege" 94,6 km lange terrengrittet, både på fredagsbirken og laurdagsbirken. Trykk på les meir for å sjå bilete og for å få fleire detaljar.
Her kan du lesa meir om Tor Halvor sin prestasjon på birken.no og hjå NRK.

Vossevangen CK sine to sterkaste kort, Vidar Mehl og Bjarte Vethe, hadde diverre ein litt dårleg dag og fekk ikkje vist kva dei er gode for. Vidar sykla på 3:05:05 og var med det 10 minutt bak vinnaren Stian Remme (les meir på Vidar sin blogg). Bjarte fekk tida 3.08.10, men med punktering. Bjarte vart gjort litt ekstra stas på av arrangøren både fordi han hadde gebursdag, men fyrst og fremst fordi han med årets løp har sykla 15 birkebeinarritt.

Nikolai Hanevik sykla veldig godt og vart nr. 12 i M18 med tida 3.11.48. Sondre Tysseland sykla i same klasse og debuterte med den gode tida 3.56.19. Renate Salbu hevda seg godt i K20 med tida 4.14.09. Jorun Dugstad sykla i same klasse og fekk tida 5.27.04. Einar Bystøl sykla fort i motbakkar og litt roleg ned, men samla sett fekk han ei god tid: 3.19.07. Carsten Christensen sykla òg fort: 3.20.53, og det same gjorde Arnstein Ringheim: 3.30.22. Kjetil Mehl viste med tida 3.38.39 at han er i god form framleis. Rune Herheim fekk tida 3.36.15 og Kjell Olav Tryti 5.18.15. Odd Inge Jordalen og Anton Hanevik måtte diverre bryta. Alt i alt, ei flott Birken-helg med mange ryttarar frå Vossevangen CK i aksjon, mange debutantar og mange sterke tider.
Bjarte
Nikolai
Nikolai og Einar
Carsten

2 kommentarer:

  1. Sondre Tysseland deltok også. Han kom inn på tida 3.56 og var ok fornøgd med tanke på at han sykla mesteparten av løpet aleine og at kjeden slitna 2 gonger.

    SvarSlett
  2. Hei, synd med to(!) kjedebrot ... men Sondre er ikkje gløymd, han er teke med i teksten.

    SvarSlett