Herren gav, Herren tok, Vaksdal for med alt i hop. Nikolai hadde favorittstempelet etter fjorårets prestasjonar, og han infridde. Storebror Magnus leverte dagens skrell og tok andreplassen, trass i dagens desidert dårlegaste innspurt. Eirik tok tredjeplass, som i fjor, men med 13 sekund betre tid enn i fjor. Jørund imponerte og kom på fjerde med sjukdom i skrotten, og Einar pulveriserte tida si frå i fjor og tok femte plass. Sondre kom på sjette, Odd Inge med litt daue bein vart nummer sju, og Ola vart nr. 10. Erlend, Nils Asbjørn, Eivind, Eirik og Jostein gjorde gode debutar i temposykling. Tidtaking og generell støtte vart utført av Anton, Dag, Egil, Vebjørn og Rune.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar