søndag 3. juni 2012
Bjarte på pallen i landevegsbirken!
Bjarte Vethe tok 3. plassen etter målfoto i M40-49 i dagen fyrste utgåve av Landevegsbirken. I eit frykteleg vær med berre nokre få varmegrader, motvind og regn, kjempa ryttarane seg dei 170 kilometrane frå Rena til Lillehammer. Rittet hadde sterk deltaking og det var profflaget Argon 18 - Xtra Personell som tok dei fyrste plassane. Etter ein lengre motbakke rett før målgang var det likevel berre fem ryttarar som kom før Bjarte si gruppe i mål. Bjarte rapporterer om eit bra arrangement, og at beina var tunge i starten men kom seg mot slutten. Sjå resultat på våre resultatsider.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar