søndag 10. juni 2012
Nikolai nr. 2 i Bergsdalen opp
Nikolai Hanevik viste at NM-formen er på veg med ein sterk andreplass med tida 14:12 i motbakkerittet Bergsdalen opp i helga. Det var fjellgeita Øystein Blom-Ohlsen frå Åsane CK som sovidt klarde å slå Nikolai i spurten. Desse to var i eigen klasse. Magnus Hanevik kom på 2. plass i M20-34 med tida 17:05, Odd Inge Jordalen vart nr. 3 i M40-44 med tida 17:20, Dag Tore Roe vart nr. 3 i M45-49 med tida 17:11 og Hanevik sr. vart nr. 2 i M60-64 med 23:57. Vossevangen CK hadde òg fleire som deltok på rulleskirennet og løpet. Sjå resultat på våre resultatsider.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar