Vossevangen CK stilte med 3 mann på Hallingrittet i dag: Nikolai Hanevik, Carsten Christensen og Rune Herheim. Hallingrittet er eit terrengritt på 42 km med lite grus og mykje terreng, i strålande sol! Nikolai sykla godt og låg inne blandt topp 10 heile vegen. Diverre punkterte han 1 kilometer frå mål. Då låg han på 9. plass, men med støl jogging siste kilometeren mista han 3-4 minutt og 8 plasseringar, og vart nr. 17 med tida 1:29:32.Johanne Herheim og Ola Herheim leverte fine prestasjonar på barnas Hallingritt. Ola var diverre uheldig å mista kjeda i ei frisk utforkøyring. Lukkelegvis stod Olaf Tufte like ved og fekk med seg dramatikken. Det er ok å mista kjedo når ein kjem i rasarfart mot mål med ein pesande Tufte skubbande bak.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar