Valdresrittet vart i dag avvikla i strålande solskin på Vaset. Ryttarane forserte 54 kilometer med mykje terreng, ein del grus, sugande motbakkar og vind-i-håret utforkøyringar. Det var mange sterke ryttarar på startstreken. Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team tok ein sterk andreplass med tida 1:46:11, 34 sekund bakvinnaren Carl Fredrik Hagen frå Team Oslo Sportslager. Vidar var nøgd etter rittet, både fordi han var kort tid bak vinnaren og fordi det fylgde fleire sterke namn etter han på resultatlista. Vossevangen CK hadde tre ryttarar til i eliteklassen: Nikolai Hanevik tok ein 16. plass med tida 1:52:47, Bjarte Vethe vart nr. 23 med tida 1:56:01 og Rune Herheim vart nr. 33 med tida 1:59:23. Nils Asbjørn Lie debuterte som terrengsyklist med den sterke tida 2:10:09.
![]() |
| Nikolai i mål |
![]() |
| Vidar i mål |
Bjarte hadde fylgjande kommentar: "Flott løypa og område. Dette var fyrste rittet etter Trondheim-Oslo, og beina var nokså tunge. Eg mista òg kjedet i det fyrste terrengpartiet, og då forsvann gruppa eg sat i. Men, godt å koma i gang med terrengritt."
![]() |
| Bjarte i mål |
![]() |
| Rune i mål |
![]() |
| Nils Asbjørn Lie |
Sjå resultat på våre resultatsider.





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar